4. Sysselsetting og næringsliv

Næringsstruktur

Tydelege korona-effektar i sysselsettinga 

Koronapandemien og smitteverntiltaka sett tydelege spor i sysselsettinga, både nasjonalt og i Møre og Romsdal. Både i landet sett under eitt og Møre og Romsdal sakk sysselsettinga med -1,1 prosent frå 2019 til 2020. I tal sysselsette utgjer det nær 29 000 færre sysselsette på landsbasis og nær 1 500 færre i Møre og Romsdal. I eit lengre tidsperspektiv har ikkje utviklinga vore like dårleg, frå 2016 til 2020 auka sysselsettinga med 2,6 prosent på landsbasis, medan nedgang i fylket ikkje er like markant med -0,2 prosent. 

Store skilnader mellom næringane

Dei samla tala for sysselsettinga kamuflerer relativt store skilnader mellom næringane i fylket. Frå 2019 til 2020 ser ein tydeleg at det er industrien og reiselivsnæringa i fylket som har hatt dei største utfordringane. I absolutte tal var nedgangen frå 2019 til 2020 størst i industri med 733 færre sysselsette, medan den relative nedgangen var størst innan overnattings- og serveringsverksemd, med ein nedgang på heile 10,9 prosent. Bergverksdrift og utvinning og forretningsmessig tenesteyting sakk høvesvis med 8,1 og 6,2 prosent. Sterkast vekst var det i offentleg administrasjon, med 4,8 prosent eller 301 sysselsette. 

I perioden 2016 til 2020 er det bergverksdrift og utvinning som likevel har hatt sterkast relativt vekst, det skuldast ei statistisk omlegging der dei frå 2019 har fått registrert arbeidsstad i fylket i staden for at den har vore registrert offshore. Dei andre næringane med sterk relativt vekst har vore teknisk tenesteyting og eigedomsdrift med 13,2 prosent vekst og informasjon og kommunikasjon med 12,5 prosent vekst. I same periode er det transport og lagring som har hatt størst nedgang med -1 004 færre sysselsette, noko som tilsvara ein relativt nedgang på -11,7 prosent.

Filer til nedlasting

Fylkesfordelt næring

Sørvisnæringa hardast råka av pandemien nasjonalt 

Det kjem ikkje som noko overrasking at koronapandemien har hatt størst konsekvensar for næringsgruppa sørvisnæringar, der mellom anna næringar som overnattings- og serveringsverksemd inngår. Sysselsettinga i denne næringsgruppa sakk med -2,7 prosent frå 4. kvartal 2019 til 4. kvartal 2020. Det betyr at sysselsettinga vart redusert med om lag 34 000 sysselsette på eit år. Alle fylka hadde nedgang i sysselsetting i denne næringsgruppa.  

Samla sakk sysselsettinga med 1,1 prosent eller om lag 28 900 sysselsette i same periode. Heile landet opplevde ein nedgang i sysselsettinga, sjølv om det er store skilnader i kor stort omfang nedgangen har hatt. Viken opplevde ein nedgang på berre 0,1 prosent eller 320 sysselsette. Det er lågast av alle fylka. Både i tal sysselsette og prosent var nedgang størst i Innlandet med -6 660 sysselsette, tilsvarande -3,8 prosent. I Innlandet var nedgang spreidd i alle næringsgruppene, og var eit av få fylke kor det var nedgang i sysselsettinga også i offentlege tenester som undervisning, offentleg administrasjon og helse- og sosialtenester.    

Personleg tenesteyting i Vestland var den næringsgruppa som hadde størst nedgang frå 4. kvartal 2019 til 4. kvartal 2020 med ein nedgang på 5,0 prosent. Størst auke var det i Troms og Finnmark innan jordbruk, skogbruk og fiske, med ein vekst på 6,5 prosent.  

Samla sett var utviklinga i dei næringsgruppene med mykje offentlege tenester positiv på landsbasis, med ein auke innan offentleg administrasjon, undervisning og helse- og sosialtenester på høvesvis 2,0, 0,8, og 0,9 prosent. Forutan desse var det berre jordbruk, skogbruk og fiske som på landsbasis hadde vekst i sysselsettinga.  

Filer til nedlasting

Utvikling i kommunane

Svak utvikling i kommunane 

Møre og Romsdal hadde frå 4. kvartal 2016 til 4. kvartal 2020 ein reduksjon i sysselsettinga på -0,2 prosent eller -313 sysselsette. På landsbasis auka sysselsettinga i same periode med 2,6 prosent. Frå 2019 vart det gjort ei endring slik at tenester knytt til utvinning av råolje og naturgass fekk såkalla landkode, det vil sei at dei vart registrert i fylka i staden for på sokkelen. Det gjorde ikkje at sysselsettingstala for landet auka, men nokre fylke, der i blant Møre og Romsdal, fekk ei ikkje reell auka i talet sysselsette. Tek ein med dette i berekninga er truleg utviklinga i sysselsettinga dystrare, då effekten av omlegginga er berekna til å vere om lag 720 fleire sysselsette i Møre og Romsdal.  

I positiv retning er det særleg to kommunar som skil seg ut i perioden 2016 til 2020, Smøla hadde ein auke på 10,4 prosent, medan Sula hadde ein auke på 5,9 prosent. I tillegg til dei er det berre fire andre kommunar som hadde ein vekst som var høgare enn den nasjonale veksten på 2,6 prosent. I tal sysselsette hadde Ålesund den sterkast veksten med 1 015 fleire sysselsette frå 2016. Det er meir enn den samla veksten i fylket. Der skil særleg Aukra (-305 sysselsette) og Hareide (-197 sysselsette) seg ut med negativt forteikn. Nedgangen i Aukra i perioden utgjer ein nedgang på 20,4 prosent.  

Frå 4. kvartal 2019 til 4. kvartal 2020 sakk sysselsettinga i fylket, og Ulstein hadde den største nedgang i sysselsettinga både i tal sysselsette og prosent. I alt vart det 488 færre sysselsette i perioden, ein nedgang på 9,2 prosent, der det var industri og bergverksdrift og utvinning som opplevde den største nedgangen. Smøla hadde den beste utviklinga, med ein vekst på 6,1 prosent.  

Med ny statistikklov er omsynet til personvernet styrka, og det gjer at det er vanskelegare å avdekke endringar når det er få selskap som opplev store variasjonar i sysselsettinga i kommunane. Av same grunn kan sumtala variere litt mellom tabellane. 

Filer til nedlasting

Sysselsette etter utdanningsnivå

Låg del sysselsette med lang høgare utdanning

I Møre og Romsdal er det relativt sett fleire sysselsette med grunnskole eller vidaregåande skole som høgaste fullførte utdanning enn det ein ser nasjonalt. På landsbasis utgjorde gruppa med grunnskole 17,9 prosent og dei med vidaregåande skole 37,7 prosent av dei sysselsette per 4. kvartal 2020. På same tid utgjorde dei same gruppene i Møre og Romsdal 20,1 og 42,5 prosent av dei sysselsette. 

Dette heng naturleg saman næringsstrukturen i Møre og Romsdal, kor særleg industrien etterspør arbeidskraft med fagarbeidarkompetanse. I nokre kommunar ser ein dette særleg tydleg. Sykkylven og Sunndal skil seg ut, der Sykkylven har den høgaste andelen sysselsette med grunnskoleutdanning, med 26,7 prosent, medan Sunndal har fylkets høgaste andel sysselsette med vidaregåande skole som høgaste fullførte utdanning med 53,7 prosent. 

Sysselsette med høgare utdanning, enten kort eller lang, finn ein flest av i dei folkerike bykommunane. I Møre og Romsdal er det dei tre største byane saman med Volda som har flest sysselsette med høgare utdanning. Volda skil seg særleg ut, då kommunen har høgast relativ del, med 45,8 prosent sysselsette med høgare utdanning. Volda er den einaste kommunen i fylket som ligg over det nasjonale gjennomsnittet på 40,8 når ein ser både kort og lang høgare utdanning saman. Det er relativt sett få sysselsette med lang (over fire år) høgare utdanning i fylket. I tidlegare publikasjonar har vi synleggjort at fylket har hatt lågast del av alle fylka. I 2020 var delen 7,5 prosent, samanlikna med det nasjonale gjennomsnittet på 12,8 prosent, er det 41,1 prosent lågare. 

I arbeidsmarknaden er det viktigast med tilgang på rett kompetanse. Fylka skal derfor ikkje nødvendigvis  vere like kvarandre eller det nasjonale gjennomsnittet. Men det låge omfanget av sysselsette med lang høgare utdanning kan vere ein barriere for tilflytting av nyutdanna og personar med lang formell kompetanse.

Filer til nedlasting

Sysselsetting blant innvandrarar

Høg sysselsetting blant innvandrarane i fylket

Samansetninga i innvandrarbefolkninga har stor betydning for deltakinga i arbeidslivet. Medan arbeidsinnvandrarar frå Aust-Europa har høg yrkesdeltaking, er det meir utfordrande for dei som har flykta til landet. Dette speglar seg i sysselsettingsstatistikken for innvandrarar. Samla sett kjem Møre og Romsdal betre ut enn landsgjennomsnittet. På landsbasis er 61,6 prosent av innvandrarane sysselsette, medan tilsvarande prosent i Møre og Romsdal er 64,0 prosent. Møre og Romsdal har også ein høgare relativ sysselsetting uavhengig av kjønn. På landsbasis er høvesvis 64,8 prosent av mannlege innvandrarar sysselsett og 58,2 prosent av kvinnelege innvandrarar, medan tilsvarande prosentdelar i Møre og Romsdal er 65,2 og 62,6 prosent. Samanlikna med dei andre fylka viser tala at Møre og Romsdal kjem på 2.plass når det gjeld sysselsetting blant innvandrarar for begge kjønn, 3. plass blant kvinner og 4. plass blant menn. 

Det er alltid ein relativ stor forskjell mellom dei ulike innvandrargruppene i graden av sysselsetting. Gruppe 1 er innvandrarar frå EU/EFTA, Nord-Amerika, Australia og New Zealand. Desse innvandrarane kjem i hovudsak grunna arbeid, studiar eller familie. Innvandrarane i gruppe 2 kjem frå Asia, Tyrkia, Afrika, Latin-Amerika, Europa utanom EU/EFTA og Oseania utanom Australia og New Zealand. Her er bildet meir samansett då flukt er eit større innslag som flyttemotivasjon.

Det er relativ låg skilnad mellom kvinner og menn i same innvandrargruppe, medan skilnaden mellom gruppene er stor. Over tid varierer sysselsettingsandelane i dei ulike gruppene, og pandemien har særleg ramma sysselsettinga blant menn frå land i gruppe 1. Den har ikkje vore lågare i talmaterialet som går tilbake til 2001, og truleg ikkje før då heller, enn den var i 2020. Sysselsettinga blant innvandrarar var høgast i 2008, og då gjaldt det for begge innvandrargruppene og begge kjønn. 

Filer til nedlasting

Sysselsette menn og kvinner

Jordbruk, skogbruk og fiske i Møre og Romsdal mest kjønnsdelte i landet

Ein av konsekvensane av ny statistikklov er at styrkinga av personvernet gjer det meir utfordrande å få data ned på eit nivå der ein kombinerer fleire eigenskapar som arbeidsstad, kjønn og næring. Av den grunn har vi måtte nytta sysselsette etter bustad i denne oversikten. Det betyr kor den sysselsette bor, og ikkje kor arbeidsplassen er lokalisert. I alt er det 71 039 sysselsette menn og 60 834 sysselsette kvinner i Møre og Romsdal. Menn utgjorde dermed 53,9 prosent av dei sysselsette, og kvinner 46,1 prosent. På landsbasis er skilnaden noko lågare, menn utgjorde 52,9 prosent og kvinner 47,1 prosent. Skilnaden nasjonalt er dermed 5,7 prosent, medan den er 2 prosentpoeng høgare i Møre og Romsdal, med 7,7 prosent. 

Det er gjennomgåande i alle fylka at det er fleire sysselsette menn enn kvinner. Næringsfordelt er det fleire næringar der kvinner utgjer fleirtalet av dei sysselsette. Dei mest kjønnsdelte næringane i Møre og Romsdal er jordbruk, skogbruk og fiske, kor 84,3 prosent av dei sysselsette er menn, og helse- og sosialtenester kor 83,3 prosent av dei sysselsette er kvinner. Om ein ser på landet under eitt så ser ein same bilete, med skilnadene er nokre prosentpoeng lågare enn i Møre og Romsdal. Skilnaden innan jordbruk, skogbruk og fiske i Møre og Romsdal er saman med skilnaden innan helse- og sosialtenester i Rogaland dei mest kjønnsdelte næringane i landet.  

Både på landsbasis og i Møre og Romsdal er det fleire menn enn kvinner sysselsette i næringsgruppene jordbruk, skogbruk og fiske, sekundærnæringar og sørvisnæringar, medan det er fleire kvinner enn menn i offentleg administrasjon, undervisning, helse- og sosialtenester og personleg tenesteyting. Offentleg administrasjon er den næringsgruppa det er minst skilnader i sysselsettinga etter kjønn, både nasjonalt og i Møre og Romsdal. 

Filer til nedlasting

Sysselsette etter sektor

Åtte av ti sysselsette i privat sektor i Ulstein og Stranda 

Privat sektor og offentlege føretak er den sektoren som sysselsett flest, både i landet og i Møre og Romsdal, per 4. kvartal 2020. Offentlege føretak er selskap eigd av det offentlege og er alt frå små lokale selskap eigd av ein eller fleire kommunar, til store statseigde selskap som til dømes Statkraft, Equinor og Telenor. Samla utgjorde sysselsettinga i privat sektor og offentlege føretak 67,3 prosent av dei sysselsette i fylket, og 67,9 prosent av dei sysselsette på landsbasis.  

Kommunane og fylkeskommunen utgjorde nokre prosentpoeng meir av den totale sysselsettinga i Møre og Romsdal enn kva dei gjer på landsbasis. I fylket var 22,2 prosent sysselsett i kommunane, mot 18,7 prosent på landsbasis, medan fylkeskommunen sysselsette 2,0 prosent mot 1,8 på landsbasis. Det har over fleire år vore fokus på at det er relativt få sysselsett i statleg sektor i Møre og Romsdal. Denne skilnaden ser ein framleis, og statleg sektor utgjer berre 8,4 prosent av dei sysselsette i fylket mot 11,6 prosent på landsbasis. Det er den nest lågaste delen av alle fylka. Berre Rogaland hadde ein lågare del sysselsett i statleg sektor, med 7,7 prosent. Statlege arbeidsplassar er viktige, ikkje berre fordi dei leverer viktige tenester som høgskoletilbod, helsetenester på sjukehus og liknande, men dei er ofte kompetansearbeidsplassar som ikkje er like konjunkturfølsame som resten av næringslivet i fylket. Såleis er dei eit kjærkomme tillegg i arbeidsmarknadene i fylket.  

Kjønnsfordelinga i sektorane viser tydeleg at det relativt sett var flest kvinner sysselsett i offentleg sektor, sjølv om privat sektor er den sektoren kor det var flest kvinner sysselsett. Både relativt og i tal sysselsette er det flest menn i privat sektor. Om lag 79 prosent av menn var sysselsett i sektoren, og om lag 45 prosent av kvinnene.  

Sysselsettinga i offentleg sektor var størst i Volda, med 48,5 prosent av alle sysselsette, medan den var lågast i Stranda og Ulstein med 20,8 prosent.

Filer til nedlasting

Statlege arbeidsforhold

Over 4 000 arbeidsforhold i statlege einingar i fylket 

Statistikken over tal arbeidsforhold i staten dekker einingane som inngår i statsrekneskapen. Det famnar då om departementa, Stortinget, Sametinget, Domstolane i Norge og statsministerens kontor med underliggande einingar. Helseføretaka og offentlege kontrollerte einingar som statens forretningsdrift og statlege eigde aksjeselskap (som Equinor, Telenor, Statskraft) inngår ikkje i statistikken. Tala her er avrunda til næraste heile tal, og er eit årsgjennomsnitt på einingsnivå.  

Formålet med denne oversikta er å synleggjere kva dei statlege arbeidsplassane i fylket faktisk består av. Som ein kan sjå av tabellen er det politi- og lensmannsetaten som har flest arbeidsforhold i Møre og Romsdal, med 710. Arbeids- og velferdsetaten (NAV) har nest flest, og dei er som politi- og lensmannsetaten spreidd rundt i fylket. Den tredje største statlege eininga i fylket er Høgskulen i Volda, som har 404 arbeidsforhold.  

Desse tala finst ned på kommunenivå, men det er ikkje plass til å lage kommuneoversiktar i denne publikasjonen. Det er dessverre ikkje laga samanstilte tal som korrigere for kommune- og regionsamanslåingane av oversikta og av den grunn er det ikkje teke med fleire år enn 2020. Over tid kan vi oppdatere oversikten med nye tal som er samanliknbare. 

Årsgjennomsnittet for tal arbeidsforhold har halde seg relativt stabilt over tid. Med unntak av 2017 har det vore relativt små skilnader, men vi har grunn til å tru at årsaka til det låge talet det året er at arbeidsforholda hos NTNU Ålesund ved ein feil vart registrert i Trondheim det året.   

Næringsfordelt ser ein at det er undervisningssektoren som står for flest statlege arbeidsforhold i fylket i 2020, med 1 063. Desse høyrer til høgskolane i Molde og Volda, samt NTNU Ålesund. Helse- og sosialtenester var den minste sektoren.

Filer til nedlasting

Reiseliv

74 prosent færre overnattingar av utlendingar  

Få næringar har vore råka hardare av pandemien og smitteverntiltaka enn reiselivet. Dette kjem tydeleg fram i talet på overnattingar i 2020. Nedgangen har vore på 21,7 prosent samanlikna med 2019. Det er særleg overnattingar blant utlendingar som har gått ned. Her har nedgangen vore på heile 74,2 prosent. Dette er delvis motverka av at overnattingar blant nordmenn har auka med 10,4 prosent i same periode. Nordmenn utgjer majoriteten av overnattingane i fylket, med 62,1 prosent i 2019 og heile 87,5 prosent i 2020.  

Endringa i tal overnattingar frå 2019 til 2020 viser at det var Tyskland, Sverige og Nederland som hadde størst nedgang. Berre frå Tyskland sakk talet overnattingar med -125 171, ein nedgang på over 70 prosent. Storbritannia, Litauen og Sør-Korea var av dei få marknadene som hadde litt vekst i denne perioden. Uttrekket i tabellen viser dei største marknadene for fylket. 

Hotellovernattingar utgjorde mesteparten av den samla nedgangen i den perioden. I tal overnattingar utgjorde dei ein nedgang på -282 765 av -356 383 totalt. Det utgjer om lag 80 prosent av den samla nedgangen, og ein nedgang på -27,2 prosent samanlikna med året før. Camping/hytte og vandreheimar hadde ein nedgang på 12,2 prosent frå 2019 til 2020.  

Denne utviklinga held fram inn i 2021. Tala for perioden januar-juli 2021 viser ein nedgang på ytterlegare -5,0 prosent samanlikna med same periode i 2020. Skilnaden er at det er innanlandsmarknaden som hadde nedgang i den perioden, med ein nedgang på -5,5 prosent, medan utanlandsmarknaden sakk med -0,8 prosent. Her er skilnadene mellom dei ulike utanlandsmarknadene store, truleg grunna ulike reiserestriksjonar og karantenereglar mellom landa. Til dømes sakk talet overnattingar frå Storbritannia med 7 385 overnattingar, medan talet overnattingar frå Tyskland auka med 3 088.  

Filer til nedlasting

Landbruk

Mjølkeproduksjonen står ved eit vegskilje 

Møre og Romsdal har ein stor andel av geitmjølkproduksjonen i landet. Sett i forhold til verdiskaping er det kumjølkproduksjon som er bærebjelken. Fylket har også ein stor andel av grovfôrarealet, som er eit viktig grunnlag for dei grovfôrbaserte produksjonane ku- og geitmjølk, sau og ammeku. 

Frå 2024 vert det i følgje «Forskrift om hold av storfe» krav om at produsentar med båsfjøs skal ha dyra på beite i minst 16 veker. I dag er kravet åtte veker. Frå same tidspunkt vert det krav om kalvingsbinge. Innan 2034 må alle storfe vere oppstalla i lausdriftsfjøs. 

Per 2019 hadde 41 prosent av mjølkeprodusentane lausdrift, medan 59 prosent hadde båsfjøs (NIBIO rapport nr 46, 2021). Dette inneber at dei nye forskriftskrava vil få konsekvensar for svært mange produsentar. 

Krav om kalvingsbinge i båsfjøs vil utløyse investeringskostnader i form av ombygging eller tilbygg. Ombygging ved å ta i bruk båsplassar eller areal til kjøtproduksjon vil gje redusert produksjonskapasitet og dermed redusert produksjonsinntekt og lønsemd. For ein del produsentar kan det vere utfordrande å finne enkle og gode tilpassingar. Det er difor truleg at nokon vel å avslutte mjølkeproduksjonen før 2024. 

Når det gjeld lausdriftskravet frå 2034, vil det for dei mindre produsentane ikkje løne seg å investere i ny driftsbygning. I fylket er den gjennomsnittlege buskapen på 29,9 kyr. Halvparten av buskapane har 23 kyr eller færre, som betyr at mange er mindre produsentar. Investeringskostnaden per kuplass vert då for høg samanlikna med framtidige produksjonsinntekter. Ombygging av eksisterande båsfjøs kan også vere utfordrande grunna tilstand og mogelegheiter for tilpassingar. Mjølkeproduksjonen står difor ved eit vegskilje, med behov for store investeringar og betre inntektsgrunnlag.

Granskogen vert hogd før den er hogstmoden 

Kommunane utfører årleg ei kartlegging av utvalde tre år gamle hogstfelt, med innsamling av ulike skog- og miljødata, m.a. alder på den hogde skogen.  

Kartlegginga syner at hovuddelen av granskogen vert hogd før den er hogstmoden. Skog som ikkje er hogstmoden (produksjonsskog) er i god vekst og har god forrenting. God tilvekst gir større volum og betre kvalitet. Større og meir tømmerskog gir lågare driftskostnader ved uttak. Samla gir det høgare inntekter til skogeigar å vente med hogst av granskogen til den er hogstmoden. 

Skog inn i karbonrekneskapet  

Frå 2020 skal skog synleggjerast i klimarekneskapen. CO2 som vert tatt opp av skog i vekst skal no bereknast og synleggjerast som eit positivt frådrag på CO2-utsleppa. 

Skog i vekst bind CO2 og karbon vert lagra i treet. Ved bruk av trevirke vert utsleppa forseinka i levetida som material. Betong, stål og aluminium er meir energikrevjande i produksjon og i livsløpet. Når trevirke vert nytta i staden, vil utsleppa av CO2 verte redusert, med ein effekt betydeleg større enn CO2 lagra i treet. Dette kallast substitusjonseffekt. 

Tilvekst på 1 m3 skog tilsvarar opptak av om lag 1 tonn CO2. CO2-opptaket til skogen i fylket utgjer 1,134 millionar tonn årleg. Det totale utsleppet frå alle sektorar er 2,445 millionar tonn CO2 årleg, og inneber at skogen bind om lag 46 prosent av utsleppa. 

Figuren syner skogen sitt CO2-opptak ved vekst samanlikna med totalt berekna utslepp. Industri- og bykommunane har høge utslepp. Andre kommunar har høgare CO2-opptak i skog enn samla utslepp. 

Opptak av CO2 i skog og planting på rett areal vert av FN sitt klimapanel peika på som viktig klimatiltak. For kommunane finnast det økonomiske ordningar til tiltak som gjev auka CO2-opptak i skog.

Filer til nedlasting

Fiskeri og havbruk

Store sykliske variasjonar i akvakultur  

På landsbasis var det ein auke i salet av matfisk på om lag 26 000 tonn, tilsvarande 1,8 prosent, frå 2019 til 2020. Sjølv om salet auka i vekt var det ein nedgang i pris. På landsbasis utgjorde salet i 2020 68,8 milliardar kroner, ein nedgang på om lag 2,9 milliardar kroner eller 4,1 prosent frå 2019.  

Dei seinare åra har salet av matfisk variert kraftig både i vekt og pris i Møre og Romsdal. Dette har dels vore forklart tidlegare med brakkleggingssonar, men det varier også syklisk i næringa. I 2020 var salet i akvakulturnæringa halvert i Møre og Romsdal, både i vekt og pris samanlikna med 2019. Salet i 2020 var på 95 454 tonn, ein nedgang på over 100 000 tonn eller 52,2 prosent. I pris var det ein nedgang på om lag 5,7 milliardar kroner, tilsvarande -55,9 prosent.  

Fartøy frå Møre og Romsdal med fangst av høgast verdi 

Fiskerifylket Møre og Romsdal held fram med å vere fylket med fangst av høgast verdi. I 2020 hadde fangsten på fartøy heimehøyrande i fylket ein verdi på 5,3 milliardar kroner. Det er mest av alle fylka i landet, og utgjer 23,8 prosent av den nasjonale fangsten på 22,4 milliardar. I vekt utgjorde fangsten i Møre og Romsdal om lag 570 000 tonn, tredje mest av fylka etter Vestland og Nordland. Totalt var den nasjonale fangsten på om lag 2 607 000 tonn.  

Det er pelagisk fisk som er den største fangsten av fartøy frå Møre og Romsdal. Av den samla fangsten på 570 000 tonn utgjorde pelagisk fisk om lag 378 000 tonn, tilsvarande 66,4 prosent av samla fangst. Pelagisk fisk er til dømes sild, sei og makrell. Frå 2019 auka fangsten relativt sett mest av skalldyr, blautdyr og piddhudar med ein auke på 34,9 prosent. I tonn var auken mest i pelagisk fisk, med 24 850 tonn. Torsk og torskearta fisk var den einaste artsgruppa kor fangsten gjekk ned, med ein nedgang på 9 340 tonn, tilsvarande 5,6 prosent.

Filer til nedlasting

Nyetableringar

Flest etableringar i dei største byane

Heile 1 259 eller 51,1 prosent av dei nye føretaka i fylket vart etablert i Ålesund, Molde og Kristiansund. Etter dei store byane var det flest nyetableringar i Hustadvika (98) og Volda (98). I 2020 vart det registrert 2 460 nye føretak i Møre og Romsdal. Dette er ein auke på 2,3 prosent frå året før då det vart registrert 2 404 føretak. I landet elles gjekk tala på nyetableringar opp 5,2 prosent.

Etableringsgrad

Etableringsgrad er eit mål som blir nytta for å samanlikne etableringsaktiviteten på ulike område. Etableringsgraden er talet på nyregistrerte føretak i forhold til eksisterande føretak. I 2020 var etableringsgraden i Møre og Romsdal på 13 prosent og for landet 16 prosent. To kommunar i fylket har høgare etableringsgrad enn landsgjennomsnittet, og høgast var graden i kommunane Aukra og Aure med ein etableringsgrad på 17 prosent. Lågast etableringsgrad var det i kommunane Fjord, Stranda og Smøla med 9 prosent.

Målt i nyetablerte føretak per 1 000 innbyggarar var talet på føretak i Møre og Romsdal mindre enn for landet sett under eit, med unntak av Aure på 13 etableringar per
1 000 innbyggarar som er likt med landet.

Høg overleving

Nyetablerte føretak i fylket har høgare overleving enn landsgjennomsnittet. Av føretak etablert i 2013 er 32,2 prosent framleis i drift etter 5 år. Det er 3,8 prosentpoeng høgare enn landsgjennomsnittet. Berre Nordland har høgare overleving enn Møre og Romsdal med 32,3 prosent.

Flest føretak vart det etablert innan tekniske tenester. Det vart etablert 580 nye føretak som er 21 fleire enn året før.

Det var størst auke innan varehandel, motorvognreperasjon som hadde vekst i nyetableringar på 24,2 prosent. Det vart etablert 246 nye føretak i denne bransjen som er 48 fleire føretak enn året før.

Filer til nedlasting