6. Eksport

Eksport

Eksporten på veg opp att i 2021 

Fastlandseksporten av tradisjonelle varer frå fastlands-Noreg sakk i 2020 samanlikna med 2019. I alt vart det eksporter varer til ein samla verdi på 443,4 milliardar kroner i 2020, ein nedgang på om lag 30,8 milliardar kroner frå 2019. Det er ein nedgang på 6,5 prosent. Vestland er fylket med høgast eksport, også i 2020, med ein eksport på om lag 74 milliardar kroner. Eksporten frå Vestland fall med heile 15,5 milliardar, tilsvarande 17,3 prosent, samanlikna med 2019. Nedgangen i Vestland skuldast i stor grad nedgang i verdien av eksport av brenselsstoff. Eksporten frå Møre og Romsdal var nest høgst av fylka, med 42,5 milliardar i 2020. Ned 2,5 milliardar frå 2019, som er ein nedgang på 5,7 prosent.  

Fisk og fiskeprodukt utgjer ein stor del av den nasjonale eksporten, og i 2020 utgjorde den om lag 102 milliardar kroner. Møre og Romsdal har fram til regionreforma vore det fylket med høgst eksportverdi av fisk og fiskeprodukt. I tala for 2020 ser ein at Vestland fylke, om enn med låg margin, har teke over trona som største eksportfylke av fisk, med 19,7 milliardar kroner, medan Møre og Romsdals eksport var på 19,0 milliardar kroner same år. I 2019 var eksporten av fisk frå Møre og Romsdal høgare enn eksporten frå Vestland.  

Eksportstatistikken blir utarbeidd kvar månad og dei førebelse tala som er tilgjengeleg viser utviklinga fram til og med august 2021. Samanlikna med 2020 ser perioden frå januar til august ut til å ha vore betre, med ein auke på nær 50 milliardar kroner, ein auke på 17,2 prosent. I perioden i 2020 var eksporten på 289,4 milliardar, medan perioden i 2021 hadde ein samla eksport på 339,2 milliardar kroner. Møre og Romsdal hadde ein auke i perioden på om lag 2,3 milliardar, tilsvarande 8,4 prosent. Det er ei god utvikling for eit fylke som ikkje var hardt råka i eksporttala for 2020. Samstundes er det fleire fylke med ei langt betre utvikling. Best utvikling hadde Vestland, med ein auke på 30,2 prosent, tilsvarande 14,6 milliardar kroner.  

Filer til nedlasting