2. Pendling

Pendling

Lågare pendling grunna kommunesamanslåingar 

Pendling er definert som ei arbeidsreise der arbeidstakar kryssar minst ei kommunegrense mellom heim og arbeid. Talet pendlarar blir då berekna ut i frå talet personar med registrert bustadadresse i ein kommune i folkeregisteret medan arbeidsstaden er registrert i ein anna kommune. Korvidt det faktisk skjer fysisk pendling mellom bustad og arbeidsstad tek ikkje definisjonen omsyn til. 

Frå 4.kvartal 2019 til 4.kvartal 2020 sakk talet personar som innpendla til kommunar i fylket med 14,0 prosent. Dette gjeld både dei som innpendla frå andre kommunar i fylket og frå andre kommunar i landet. Talet utpendlarar i kommunane i fylket sakk med 13,0 prosent i same periode. Årsaka er ganske enkel, kommunesamanslåingane har gjort at det er både færre, men også større kommunar i fylket. Ein ser same effekt, men langt svakare konsekvens på pendlinga til og frå fylket. Det er lågare pendling både inn (-0,7 prosent) og ut (-3,1 prosent). 

Det er framleis slik at innpendlinga er klart størst til kommunane Ålesund og Molde. Begge desse kommunane er nye etter samanslåing med fleire kringliggande kommunar frå 2020. Det har hatt litt ulik effekt i pendlartala. I Ålesund sakk innpendlinga med nær 1 200 innpendlarar, medan det hadde størst konsekvens for utpendlinga frå Molde. Den sakk med om lag 400 utpendlarar. Størst innpendling i prosent av sysselsette med arbeidsstad i kommunen er det i Ulstein, med 45,6 prosent. 

I fire av dei 26 kommunane i fylket pendlar eit fleirtal av dei sysselsette som er busett i kommunen ut av kommunen. Høgst relativ del utpendlarar er det i Sula, med 58,0 prosent, medan det også er ei relativ utpendling på over 50 prosent i Hareid, Giske og Gjemnes. Pendlingsmatrisa på neste side syner korleis utvekslinga av arbeidskraft er mellom kommunane i fylket. Den syner at det er mest pendling frå Sula og Giske til Ålesund, og frå Hustadvika til Molde i 2020.

Filer til nedlasting