1. Demografi

Folketalsutvikling

Framleis svak vekst i folketalet i Møre og Romsdal

Folketalet i Møre og Romsdal auka med 306 personar frå 2020 til 2021, den svake veksten i folketalet held med andre ord fram. Frå 2019 til 2020 vaks folketalet i Møre og Romsdal med 268 personar. Innbyggartalet i fylket er ved inngangen til 2021 265 544 personar mot 265 238 i 2020, ei auke i folketalet på 0,1 prosent. Folketalet for heile landet auka i løpet av 2020 med 0,4 prosent, som gir eit samla innbyggartal i landet på 5 391 369. Møre og Romsdal har over tid hatt lågare folkevekst samanlikna med resten av landet. I perioden 2011-2021 steig folketalet i fylket med 5,6 prosent, i resten av landet var veksten i same periode på 9,6 prosent. 

Grensejusteringar gir endringar i folketalet 

Folketalet i Vestnes vaks med 426 personar frå 2020 til 2021. Det meste av denne veksten skuldast grensejusteringa mot Rauma kommune som tredde i kraft 01.01.2021. Auken i talet på innbyggarar representerer ein vekst i folketalet på 6,5 prosent. Volda har frå 01.01.20 slått seg saman med Hornindal og fått grunnkretsane Bjørke og Viddal frå Ørsta kommune. Folketalet i Volda kommune auka med 308 personar frå 2020 til 2021, veksten kjem som følgje av positiv nettoflytting i 2020. Prosentvis gir dette ein auke i folketalet på 2,9 prosent. Folketalet i Ålesund kommune vaks i 2020 med 412 personar og er den einaste av dei tre største byane med vekst i folketalet. Kristiansund og Molde hadde ein nedgang i folketalet på -80 og -97 personar, noko som for begge kommunane gir ein nedgang i folketalet på -0,3 prosent. 

15 av dei 26 kommunane i fylket hadde nedgang i folketalet i løpet av 2020. Fjord og Tingvoll hadde ein prosentvis nedgang i folketalet på -1,8 og -1,3 prosent.

Kartet viser utviklinga i kommunane i fylket korrigert for samanslåingane av kommunar og flytting av krinsar.

Endringar i befolkningssamansettinga

Befolkningssamansettinga i kommunane i fylket er i endring, i åra som kjem vil det bli langt fleire eldre i kommunane samstundes som talet på barn og unge går ned. Dette gjer at mange kommunar må omstille seg og tilpasse tenestene i tråd med desse endringane. Omstillinga inneber for mange kommunar at dei må tilpasse og omstrukturere tenestene til barn og unge. Omstillingsprosessar i barnehage- og skolesektoren er krevjande, då dette er tenester som alle ønskjer å ha i nærleiken av der dei bur. Auken i talet på eldre vil gi økt press i eldreomsorga og fleire kommunar må nok i åra som kjem ha ein gjennomgang av tenestetilbodet til denne gruppa.   

Dei tre kommunane som har høgast prosentvis del eldre over 80 år er kommunane Fjord (7,9), Vanylven (7,8) og Stranda (7,5). I motsett ende av skalaen finn vi Giske der 4,1 prosent av befolkninga er over 80 år. Giske kommune er den kommunen i fylket som prosentvis har flest barn i aldersgruppa 0-5 år, med 8,3 prosent av befolkninga.

I Møre og Romsdal er det i fleire av aldersgruppene stor ubalanse mellom kjønna, til dømes er det i aldersgruppa 20-24 år 8 677 menn og 7 656 kvinner, ein differanse på 1021 personar. Det same forholdet gjer seg gjeldande i aldersgruppa 25-29 år, det er først i aldersgruppa 75-79 år at kvinnene er i overtal, som følge av at kvinner har høgare gjennomsnittleg levealder.

Årsaker til endringar i folketalet

Utviklinga i folketalet blir påverka av fleire forhold. Det innanlandske flyttunderskotet har dei siste åra blitt redusert og stabilisert seg under 1 000 personar. I 2020 vart det innanlandske flytteunderskotet ytterlegare redusert og var nede i -662 personar mot -973 personar i 2019. Fødselsoverskotet, som er forholdet mellom fødde og døde kvart år, var i 2020 på 263 personar. I 2019 var fødselsoverskotet 266 personar. Nettoinnvandringa har utviklinga seg negativt dei siste åra, i 2020 var den på 716 personar mot 957 personar i 2019.

Filer til nedlasting

Flytting

Flytteoverskot i Møre og Romsdal

Flyttinga til og frå fylket er ein avgjerande faktor for utviklinga i folketalet. Nettoflyttinga, som er summen av den innanlandske nettoflyttinga og netto innvandring, var i 2020 positiv i Møre og Romsdal. I 2020 var det 58 fleire som flytta til fylket enn som flytta ut. Sjølv om innvandringa frå utlandet gjekk ned vart nettoflyttinga til fylket positiv, ein viktig årsak til dette var ei forbetring av den innanlandske nettoflyttinga. Den innanlandske nettoflyttinga har vore negativ over mange år, men vart i 2020 redusert frå -973 personar i 2019 til -661 personar i 2020. Det er grunn til å tru at covid-19 pandemien har hatt innverknad på dette. Fleire har flytta ut av sentrale strøk, Oslo har til dømes eit betydeleg flytteunderskot i 2020. Som følgje av pandemien har mange brukt heimekontor og blitt fortrulege med både nye former for digital kommunikasjon og digitale møte. Mange arbeidsgivarar og arbeidstakarar har nok fått eit anna syn på det å fysisk måtte vere til stades på arbeidsplassen. Det vil vise seg på sikt om dette får varige konsekvensar for kor den enkelte busett seg. 

Heile 18 av kommunane i fylket hadde negativ nettoflytting i 2020, størst underskot i tal personar hadde Molde kommune med -162 personar. Størst flyttoverskot i tal personar hadde Volda med 302 personar og Ålesund med 252 personar. Av dei tre største byane var det berre Ålesund som hadde flytteoverskot, men det er sterkt redusert i forhold til 2019 då flytteoverskotet var på 550 personar. Kristiansund hadde likeins med Molde eit underskot i flyttinga, for Kristiansund sin del var underskotet på -53 personar. Dersom vi ser flyttinga i forhold til folketalet var det Volda som hadde det største flyttoverskotet med 2,8 prosent, mens Fjord hadde det største underskotet med -1,6 prosent.

Stort innanlandsk flytteunderskot i Oslo

7 av 11 fylke hadde negativ innanlandsk nettoflytting, det betyr at det flytta fleire ut av desse fylka enn til. Det er innterssant å registrere at Oslo igjen har flytteunderskot, etter at dei i 2019 hadde eit flyttoverskot på 780 personar. Situasjonen vart snudd på hovudet i 2020, då Oslo hadde eit flytteunderskot på -2 758 personar. Dei nordlegaste fylka hadde òg flytteunderskot i 2020, Nordland hadde eit underskot på -1 509 personar og Troms og Finnmark -2 274 personar. Det er Viken fylke som har det største flytteoverskotet i tal personar med heile 7 309 personar. 

Størst utflytting til Trøndelag og Oslo

Om vi ser vekk frå den interne flyttinga mellom kommunane i fylket, er det størst utflytting frå kommunar i Møre og Romsdal til Trøndelag og Oslo. Til Trøndelag flytta det 1 269 personar og til Oslo 1 192 personar i 2020, noko som representerer ei lita auke i forhold til situasjonen i 2019. Minst utflytting frå Møre og Romsdal er det til Nordland fylke med 124 personar. Framleis er det mange som flyttar internt i eige fylke, men det var ein nedgang i den interne flyttinga i fylket frå 2019 til 2020. I 2019 var det 5 078 som flytta til ein annan kommune i fylket, mens det i 2020 var 4 450 personar som gjorde det same. Det er litt fleire som har flytta til Troms og Finnmark. I 2019 var det 59 personar som flytta dit frå Møre og Romsdal og i 2020 flytta det 156 personar til Troms og Finnmark.

Negativ nettoflytting i fleire aldersgrupper

Nettoflyttinga til Møre og Romsdal har over tid vore negativ. Det er ei betring i tala for 2020, då flytteunderskotet vart redusert til -661 personar mot -972 personar i 2019. I fire av aldersgruppene er det i 2020 eit flyttoverskot, til dømes er det i aldersgruppa 30-39 år 48 fleire som har flytta til fylket enn dei som har flytta ut. Flytteunderskotet i denne aldersgruppa var i 2019 -52 personar. For aldersgruppa 20-29 år er flytteunderskotet redusert i forhold til i 2019. I 2020 var flytteunderskotet i denne aldersgruppa på -648 personar. Det er ein ytterlegare reduksjon frå 2019, og om lag 30 prosent lågare enn i 2016 og 2017.

Det er særleg gledeleg at fylket i 2020 hadde eit pluss på 122 barn i alderen 0-5 år

Kor bur «møringane» som har tatt høgare utdanning

Folk med kompetanse på ulike nivå og fagfelt er viktig for at både offentleg og privat sektor skal utvikle seg. I mange tilfelle er det å ha nok arbeidskraft ein flaskehals, det blir då sterk konkurranse i enkelte bransjar for å få tak i den rette arbeidskrafta. Det er i denne samanhengen interessant å sjå på kor dei som har vekse opp i fylket har busett seg etter at dei har fullført høgare utdanning. 

I 1999 var det 1 727 studentar som fullførte høgare utdanning som hadde bustadadresse i Møre og Romsdal det året dei fylte 16 år. Dersom vi ser på kvar desse budde tre år etter at dei fullførte utdanninga si, ser vi dei er spreidde utover heile landet. Største delen, 770 personar eller 44,6 prosent, er busett i Møre og Romsdal. Elles er det mange som budde i fylke med store studiebyar, størst konsentrasjon var det på det sentrale austlandsområdet. 378 studentar hadde slått seg ned i Oslo og 83 av studentane var i 2002 busett i Akershus. I 2002 var det til saman 461 av studentane eller 26,7 prosent, som hadde bustadadresse i desse to fylka. 

I 2016 fullførte 2 453 studentar med tilknyting til fylket høgare utdanning. Tre år etter, i 2019, var det 1 363 av desse eller 55,6 prosent av studentane som hadde bustadadresse i Møre og Romsdal. Fleire av studentane som var ferdig i 2016 har busett seg i Møre og Romsdal, i forhold til dei som fullførte si utdanning i 1999. Utanfor Møre og Romsdal er det framleis i Oslo og Akerhus flest av studentane har slått seg ned. Delen studentar, av dei som avslutta studia i 2016, som har slått seg ned i desse fylka var redusert til 21,2 prosent. 

Høgskoletilboda i Møre og Romsdal har blitt meir mangfaldig og betydeleg utvida sidan slutten av 1990-talet. Det er grunn til å tru at det har gjort at fleire har tatt utdanning i eige fylke og då har lettare for å bli buande her etter fullført utdanning.

Filer til nedlasting

Innvandring

Innvandrarbefolkninga flyttar ut av fylket

I 2020 var det innvandrarbefolkninga som flytta frå Møre og Romsdal. Møre og Romsdal hadde eit flytteunderskot på -661 personar, det vil seie at det var 661 fleire som flytta ut av fylket enn personar som flytta til. I 2020 var det 602 fleire frå innvandrarbefolkninga som flytta ut av fylket enn som flytta til, for den resterande delen av befolkninga var flyttunderskotet på -59 personar. Mobiliteten er med andre ord høgare i innvandrarbefolkninga enn for befolkninga elles. Både for å oppretthalde folketalet og ha nok arbeidskraft i Møre og Romsdal, er det viktig å integrere innvandrarane i det enkelte lokalsamfunn og kvalifisere dei til arbeidslivet i fylket. Vi veit at det framover er eit stort behov for arbeidskraft i både næringslivet og i offentleg sektor. Til dømes vil det i offentleg sektor, som følgje av auken i talet på eldre, bli eit stort behov for arbeidskraft i omsorgsyrka.

Svakare vekst i innvandrarbefolkninga

Innvandrarbefolkninga i Møre og Romsdal (innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre) vaks med 391 personar i 2020, ein vekst på 1,1 prosent. Veksten i innvandrarbefolkninga har flata ut dei siste åra, til dømes var veksten i innvandrarbefolkninga 682 personar frå 2019 til 2020. På 20 år, frå 2001 til 2021, vaks innvandrarbefolkninga frå 7 555 personar i 2001 til 35 989 personar i 2021. Det var ein topp i innvandringa i 2012 med i overkant av 3 000 innvandrarar, i 2020 auka talet på innvandrarar i fylke med 181 personar. Dette er ytterleg ein nedgang, i 2019 innvandra 386 personar til Møre og Romsdal. Talet på innvandrarar i fylket er ved inngangen til 2021, 31 146 personar. Barn av innvandrarar utgjer dei resterande 4 841 personane i innvandrarbefolkninga.

Innvandrarbefolkninga utgjer i 2021 13,6 prosent av befolkninga i fylket, til samanlikning utgjorde innvandrarbefolkninga 7,8 prosent av befolkninga i 2011. På landsbasis utgjer innvandrarbefolkninga 18,5 prosent, ein auke på 6,3 prosentpoeng sidan 2011. 

Få innvandrarar i dei yngste aldersgruppene 

Den største delen av innvandrarbefolkninga er i aldersgruppene 20-44 år og 45-66 år. Heile 72,6 prosent av innvandrarbefolkninga er i desse to aldersgruppene. Det har ikkje blitt fleire personar i dei yngste aldersgruppene frå 2020 til 2021. Redusert innvandring dei seinare åra er nok ein viktig årsak til dette. I aldersgruppa 1-5 år var det i 2020 2 410 personar, mens det i 2021 var 2 339 personar i same aldersgruppe. Talet på personar i innvandrarbefolkninga over 67 år auka frå 2020 til 2021. I 2020 var det
1 079 personar i innvandrarbefolkninga som var over 67 år, i 2021 hadde dette auka til 1 157 personar.  

Ubalanse mellom kjønna

Det er i Møre og Romsdal stor ubalanse mellom kjønna for enkelte av aldersgruppene i innvandrarbefolkninga. Det er stor overvekt av menn i aldersgruppene 20-44 og 45-66 år, til dømes er det i aldersgruppa 20-44 år 9 013 menn, mens det berre er 8 211 kvinner. Det er først i aldersgruppene over 67 år at kvinnene i innvandrarbefolkninga er i overvekt.  Kjønnsubalansen er ikkje unik for innvandrarbefolkninga, den same ubalansen mellom kjønna finn vi òg for aldersgrupper i den resterande delen av befolkninga i fylket.

Mange innvandrar frå land i Aust-Europa

Det er framleis innvandrarar frå Polen som utgjer den største gruppa av innvandrarar i Møre og Romsdal, neste på lista finn vi innvandrarar frå Litauen. På lista over dei 10 mest vanlege landbakgrunnane til innvandrarar finn vi òg Romania og Latvia. Mange av innvandrarane frå Aust-Europa har kome hit som arbeidsinnvandrarar for å arbeide i byggenæringa og industrien. Ved inngangen til 2021 var det 5 596 personar frå Polen og 3 266 personar frå Latvia busett i Møre og Romsdal. I 2021 har innvandrarar frå Sverige kome inn på lista over dei 10 mest vanlege landbakgrunnane.

Innvandrarbefolkninga utgjer ein stor del av befolkninga i mange kommunar

I fleire av kommunane i Møre og Romsdal utgjer innvandrarbefolkninga ein stor del av det totale innbyggartalet. I kommunane Sande, Stranda og Hareid står i 2020 innvandrarbefolkninga for 20,9, 20,1 og 19,0 prosent av innbyggartalet. Dei tre største byane i fylket har ei innvandrarbefolkning som utgjer 16,2 prosent i Ålesund, 12,9 prosent i Molde og 13,5 prosent Kristiansund av det totale innbyggartalet.  

Ulstein med nedgang i innvandrarbefolkninga 

Ulstein har hatt ein relativ nedgang i innvandrarbefolkninga i perioden 2016-2021. I 2016 utgjorde innvandrarbefolkninga 17,1 prosent av befolkninga mot 15,8 prosent i 2021. I Vestnes og Sunndal har innvandrarbefolkninga ikkje endra seg relativt sett. I Vestnes utgjorde innvandrarbefolkninga 12,4 prosent av befolkninga både i 2016 og 2021, tilsvarande utgjorde innvandrarbefolkninga i Sunndal 10,1 prosent både i 2016 og 2021.  Av dei tre største byane er det Ålesund som relativt sett har hatt den største auken i innvandrarbefolkninga. I Ålesund utgjer innvandrarbefolkninga i 2021 16,2 prosent av befolkninga. Surnadal er den kommunen der innvandrarbefolkninga utgjer den minste delen av befolkninga med 6,7 prosent. 

Framleis kommunar med vekst i innvandrarbefolkninga

Sjølv om innvandringa til fylket dei seinare åra har blitt lågare og flata ut, er det berre Sunndal som har hatt nedgang i talet på personar i innvandrarbefolkninga. Alle dei tre største byane i fylket har dei siste fem åra hatt vekst i innvandrarbefolkninga. Innvandrarbefolkninga i Molde kommune auka frå 2016 til 2021 med 426 personar, i tilsvarande periode auka innvandrarbefolkninga i Ålesund med 1 924 personar og i Kristiansund med 228 personar.

Filer til nedlasting

Fødslar og fruktbarheit

15 kommunar med nedgang i fødselstala 

I Møre og Romsdal var det i 2020 97 færre fødslar i forhold til i 2019, det gir ein nedgang i talet på fødslar på 3,8 prosent. Vi ser den same tendensen nasjonalt, talet på fødslar går ned. I 2019 var det i Noreg 54 495 fødslar mot 52 497 i 2020, ein nedgang på -1 516 fødslar eller 2,8 prosent. 15 av kommunane i fylket hadde nedgang i talet på fødslar i 2020 målt mot 2019. Av dei tre største byane var det berre Ålesund som hadde auke i talet på fødslar i 2020. I Kristiansund og Molde gjekk talet på fødslar ned med -24 og -14 frå 2019 til 2020. Ørsta kommune hadde den største reduksjonen i talet på fødslar med 41 færre fødslar i 2020 enn kva som var tilfelle i 2019. Forutan Ålesund som hadde ei auke på 17 fødslar frå 2019 til 2020, så var det Rauma som hadde den største auken i talet på fødslar. I 2020 vart det fødd 11 fleire barn enn i 2019, ein vekst på 19,6 prosent. Det er viktig å merke seg at Rauma hadde særs låge fødselstal både i 2018 og i 2019, sett i eit historisk perspektiv er ikkje 67 fødslar i 2020 eit stort barnekull i Rauma kommune. 

Fleire kommunar med fødselsunderskot

Talet på fødslar i Møre og Romsdal gjekk ned frå 2 540 i 2019 til 2 443 i 2020, fødselsoverskotet i fylket var om lag som i 2019. Fødselsoverskotet er forholdet mellom fødde og døydde kvart år. Nasjonalt var fødselsoverskotet lågare i 2020, det vart redusert med 1 443 personar i forhold til i 2019. I 2020 var fødselsoverskotet i Noreg på 12 368 personar. 13 av kommunane i fylket hadde fødselsunderskot i 2020. Sunndal hadde til dømes eit fødselsunderskot på -26 og Vanylven eit underskot på -24 personar. Sunndal og Vanylven har saman med Sande, Rauma, Tingvoll, Sunndal, Surnadal, Smøla, Aure og Fjord hatt fødselsunderskot dei tre siste åra. Etter kvart som dei store etterkrigskulla fell frå blir det nok fleire kommunar som vil få fødselsunderskot, om det då ikkje skjer ei radikal auke i fødselstala. 

Historisk låge fruktbarheitstal 

I 2020 er fruktbarheitstala historisk låge i Møre og Romsdal, med eit snitt på 1,58 fødslar per kvinne. Fruktbarheitstala viser i snitt kor mange barn kvar kvinne føder gjennom livet. Berre på dei siste 10 åra har det skjedd store endringar i talet på fødslar per kvinne. Mellom 2000 og 2010 låg fruktbarheitstala stabilt på om lag 2 fødslar per kvinne, frå 2015 har nedgangen i fruktbarheitstala vore markant. Vi ser den same utviklinga nasjonalt, i 2020 vart det fødd 1,48 barn per kvinne i Noreg. Til samanlikning vart det i 1968 fødd 2,75 barn per kvinne, i Møre og Romsdal var snittet 3,20 barn per kvinne. På desse om lag 50 åra har fødselstala stupt med dei konsekvensar det har hatt for folkeveksten. Trass i historisk låge fruktbarheitstal i Møre og Romsdal er det berre Rogaland som kan vise til betre fruktbarheitstal i 2020, med eit snitt på 1,64 fødslar per kvinne. I Oslo er fruktbarheitstala i 2020 nede i 1,38, det betyr med andre ord at kvinner i Oslo føder i snitt 1,38 barn gjennom livet.

Gjennomsnittsalderen for fødande aukar

Den gjennomsnittlege fødealder til kvinner held fram å stige. I 2020 var fødande kvinner i Møre og Romsdal i snitt 31,0 år, ein oppgang på 0,2 år frå 2019. Snitt fødealder var for heile landet 31,4 år, ein oppgang på 0,1 år frå 2019. Gjennomsnittsalderen til fødande i Møre og Romsdal har stige med 1,8 år sidan 2000, det er tilsvarande auken i det nasjonale gjennomsnittet. 

Det er i Oslo at fødande har høgast gjennomsnittsalder, i 2020 var snittet 33,0 år. Den lågaste gjennomsnittsalderen for fødande finn vi i Nordland, der snittet i 2020 var 30,2 år. Det er viktig å understreke at det her ikkje er vist til snittet for førstegongsfødande, men det generelle alderssnittet for fødande.

Det nasjonale snittet for førstegongsfødande er i 2020, 29,9 år, fedrane var til samanlikning i snitt 32,1 år når dei vart far for første gong. SSB publiserer ikkje alderssnittet for førstegongsfødande på fylkesnivå.

Filer til nedlasting

Framskrivingar

Prognosar for nedgang i folketalet i fleire kommunar

I følgje SSB sine hovudprognosar for folkeveksten vil 12 kommunar i Møre og Romsdal få redusert innbyggartal fram mot 2036. Relativt sett er det Vanylven som får den største nedgangen i folketalet. Her er det estimert ein nedgang i folketalet på -323 personar eller -10,5 prosent. I Giske kommune meiner SSB at folketalet vil auke med 1036 personar fram mot 2036, det gir ein prosentvis vekst i folketalet på 12,3 prosent. Alle dei tre største byane i fylket vil etter SSB sine framskrivingar få vekst i folketalet. Størst vekst i folketalet viser prognosane for Ålesund med 7,2 prosent, Molde vil få ein vekst på 4,2 prosent og Kristiansund 1,5 prosent i perioden 2021 til 2036. For heile fylket vil folketalet, i følgje SSB, auke med 3,3 prosent til 273 994 innbyggarar i 2036. For heile nasjonen har SSB angitt ein vekst på 6,9 prosent i same periode, innbyggartalet i Noreg vil då vere 5 763 381 personar. I 2020 var det for Møre og Romsdal sin del store endringar i innanlandsflyttinga. Flytteunderskotet gjekk betydeleg ned. Er dette ein trend som held fram, vil det kunne ha innverknad på folketalet i Møre og Romsdal. Dersom det blir ei varig endring i flyttemønsteret må dette innarbeidast av SSB i nye framskrivingar. Det er i dei yngre aldersgruppene, som er mest mobile, at endringane i flyttemønsteret vil gjere utslag. Dei eldre er langt mindre mobile og få flyttar ut av fylket.  

Færre arbeidsføre per pensjonist

SSB utarbeider ein forsørgarbrøk for eldre som viser forholdet mellom dei som er over 64 år kontra dei som er i aldersgruppa 20-64 år. Brøken er eit måltal på kor mange som er i arbeidslivet sett i forhold til dei som er «eldre» og ute av arbeidslivet. Vi ser at det no blir færre og færre som er i arbeid i forhold til talet på pensjonistar. Forsørgarbrøken angir eit tal  mellom 0 og 1, eit lågt tal betyr at det er relativt få eldre i forhold til talet på dei i yrkesaktiv alder. Kommunane Ålesund og Giske begge med ein forsørgarbrøk på 0,41, vil ha mange i arbeid i forhold til eldre i år 2036. 

«Eldrebølga» slår inn over oss

Det har lenge vore snakk om «eldrebølga» og når den vil slå til, mange vil nok seie at den har kome for lenge sidan. Det er for så vidt riktig, for talet på eldre har allereie byrja å stige. Når det blir vist til «eldrebølga» så er det gjerne dei store fødselskulla etter andre verdskrigen og utover 1950-talet vi tenker på. Desse fødselskulla har no blitt pensjonistar og passerer innan få år 80 år. Mange vil nok hevde at bruken av ordet «eldrebølge» er negativt lada og at eldre i dette perspektivet nærast blir sett på som ei byrde for samfunnet. Det er viktig å ikkje gløyme at eldre er ein stor og viktig ressurs for samfunnet. I St. melding 15 2017-2018 er den frivillige innsatsen utført av eldre estimert til 45 000 årsverk.

Talet på eldre vil halde fram å stige i åra som kjem, fram mot 2036 vil 8 kommunar få ei auke i talet på eldre over 80 år på over 100 prosent. Det er berre kommunane Sande og Stranda som får ei auke i denne gruppa på under 50 prosent. Størst prosentvis auke i talet på eldre over 80 år får Gjemnes med 139,8 prosent. I Gjemnes aukar talet på eldre over 80 år, i følgje SSB sine framskrivingar, frå 133 personar i 2021 til 319 personar i 2036. Tilsvarande aukar gruppa over 80 år med 86,9 prosent i Møre og Romsdal og for landet samla er auken på 87 prosent i same periode. 

Menn i Tingvoll lever lengst

Det er menn i Tingvoll som vil leve lengst i følgje SSB sine framskrivingar. Menn født i 2036 vil i Tingvoll kommune bli i snitt 88,1 år. Det er ein auke i levealderen på 2,3 år, i forhold til menn som blir født i 2021. Kvinnene som blir født i 2036 vil leve lengst i Aukra med ein forventa levealder på 90,5 år, tett følgt av kommunane Fjord og Herøy med ein forventa levealder for kvinner på 90,4 år. Auka levealder er sjølvsagt ikkje noko som er spesielt for Møre og Romsdal, men gjer seg gjeldande i heile landet. I Noreg vil menn og kvinner født i 2021 leve til dei er 81,8 og 85 år, i følgje framskrivingane til SSB vil menn og kvinner født i 2036 leve til dei er 84,9 og 87,5 år. 

Filer til nedlasting