3. Arbeidsmarknad

Arbeidsplassdekning

Molde med høgast arbeidsplassdekning 

Arbeidsplassdekning er talet på arbeidsplassar (sysselsette etter arbeidsstad) i prosent av talet på arbeidstakarar (sysselsette etter bustad) i eit område, til dømes ein kommune. Arbeidsplassdekning på over 100 prosent betyr at talet arbeidstakarar som arbeider i kommunen er større enn talet på arbeidstakarar som er busette i kommunen.  

Per 4. kvartal 2020 var det sju kommunar i fylket som hadde ei arbeidsplassdekning på over 100 prosent.  Det betyr at desse kommunane må ha innpendling for å fylle alle arbeidsplassane i kommunen. Dette «overskotet» av arbeidsplassar er alltid lågare enn innpendlinga då alle kommunane i fylket også har ein del utpendlarar. Molde kommune hadde høgast arbeidsplassdekning både målt i arbeidsplassar og i prosent, med ei arbeidsplassdekning 117,2 prosent, noko som tilsvara eit «arbeidsplassoverskot» på 2 726 arbeidsplassar. På plassane bak kjem kommunane Ålesund og Ulstein, Ulstein hadde nest høgast arbeidsplassdekning i prosent, medan Ålesund hadde nest høgast arbeidsplass-overskot i tal arbeidsplassar.  

Giske hadde relativt sett den lågaste arbeidsplassdekninga med 60,4 prosent, medan i tal arbeidsplassar var det Hustadvika som hadde størst «arbeidsplassunderskot» med -2 089. Sett under eitt har Møre og Romsdal ei arbeidsplassdekning på 96,6 prosent. Det betyr at det er 4 480 sysselsette i Møre og Romsdal som har arbeidsstaden sin i eit anna fylke. Mange av kommunane har til dømes utpendling til Oslo, samstundes som digitale arbeidsformer gjer det enklare for mange å ha ein arbeidsplass langt unna bustaden sin.  

Det er viktig å huske at arbeidsplassdekning bereknast ut i frå sysselsettingstala, og seier såleis ikkje noko om ledigheit, tilgangen på arbeidskraft eller liknande. Det fortel berre korleis den regionale arbeidsmarknaden fungerer med omsyn til utveksling av arbeidskraft.

Filer til nedlasting

Sjukefråvær

Stadig aukande sjukefråvær

Sjukefråværet (prosent sjukefråvær) målast som tal sjukefråværsdagsverk i prosent av avtalte dagsverk. Per 2. kvartal 2021 var sjukefråværet for landet på 5,3 prosent, opp 4,7 prosent samanlikna med 2. kvartal 2020. I Møre og Romsdal var sjukefråværet litt høgare, også i år. I 2.kvartal 2021 var det 5,8 prosent, opp 6,9 prosent samanlikna med 2.kvartal 2020. Alle fylka opplevde ein auke i sjukefråværet i 2020 samanlikna med 2019, og det same er tilfelle frå 2020 til 2021. Koronapandemien er kanskje ein naturleg forklaringsfaktor for sjølve auka, men det er framleis skilnader mellom regionane som den ikkje forklarar. Til dømes er sjukefråværet i Oslo lågt, sjølv om hovudstaden kanskje har vore hardast råka i pandemien. 

Sjukefråværet i Oslo var landets lågaste per 2. kvartal 2021, med 4,1 prosent. Det er langt lågare enn snittet av dei andre fylka, som er 5,7 prosent (berekna som snitt av fylka ikkje som ein samla populasjon). Nest lågast sjukefråvær hadde Rogaland med 4,8 prosent. Nordland og Troms og Finnmark hadde høgast sjukefråvær med 6,3 prosent for begge fylka. Både dei og Oslo skil seg dermed frå resten i kvar sine endar. Oslo ligg 14,2 prosent lågare enn Rogaland, medan Nordland og Finnmark og Troms ligger 8,6 prosent over Agder og Møre og Romsdal på 5,8 prosent.

Ser ein på utviklinga dei siste fire åra har tala for 2.kvartal gradvis auka for alle fylka. Samanlikna med 2.kvartal 2018 var sjukefråværet på landsbasis 12,5 prosent høgare i 2021, og 16,7 prosent høgare i Møre og Romsdal.

Blant kommunane i fylket var det berre to som hadde eit sjukefråvær per 2. kvartal 2021 som låg under landsgjennomsnittet. Det var Sunndal, med 3,7 prosent, og Ulstein med 5,1 prosent. Dei resterande 24 kommunane låg over landsgjennomsnittet, og tre av dei hadde eit sjukefråvær per 2.kvartal på over sju prosent. Høgast var det i Vanylven, med 7,4 prosent, med Vestnes (7,1 prosent) og Fjord (7,0 prosent) rett bak.

Filer til nedlasting

Arbeidsløyse

Lågare ledigheit i 2021 

Koronapandemien og smitteverntiltaka har hatt store konsekvensar for verdiskapinga i ulike bransjar. I 2020 såg ein dette tydeleg att i ledigheita, medan tala for 2021 viser at tilstanden i arbeidsmarknaden har betra seg betydeleg. Per august 2021 var det  5 131 personar som var heilt eller delvis ledige i Møre og Romsdal. Til samanlikning var same tal for juli 2020 9 868 personar. Av dei ledige per august 2021 utgjorde dei heilt ledige 3 172 personar, eller 61,8 prosent, medan delvis ledige utgjorde 1 959 personar.  

Det er flest heilt ledige innan industriarbeid, medan det er yrke som meklarar og konsulentar og yrke innan reiseliv og transport som det er flest av i tala for delvis ledige per august 2021. Færrast ledige var det i akademiske yrke, kor det normalt blir føresett minst fire års utdanning frå universitet eller høgskole.  

Utviklinga i 2021 har vore positiv. Frå januar til august har talet heilt eller delvis ledige personar gått ned med -2 213 personar i fylket. Her er det ikkje tatt omsyn til eventuelle sesongvariasjonar som skjer kvart år, og kanskje er dei uansett motverka av konsekvensane pandemien har hatt også i 2021.  

Det er reiseliv og transport som har betra seg mest i perioden, det er 567 færre ledige i den næringa i august samanlikna med januar. Yrkesgruppene industriarbeid, butikk og salsarbeid og bygg og anlegg hadde også langt færre ledige i august enn januar. 

Nokre få yrkesgrupper hadde liten endring i talet ledige. Dette gjeld personar i undervisningsyrke og innan barne- og ungdomsarbeid. Gruppa utan eller med ingen kjent yrkesbakgrunn var den einaste gruppa kor ledigheita auka i perioden. 

Filer til nedlasting

Kommunane

Lågare ledigheit, men industrikommunar er framleis utfordra 

Det er klart flest heilt ledige i aldersgruppa 30-39 år, medan det er litt fleire delvis ledige i aldersgruppa 40-49 år, enn i 30-39 år. Samla sett utgjorde aldersgruppa 30-39 år om lag ein fjerdedel av alle som var heilt eller delvis ledige per august 2021. I dei eldre aldersgruppene er det lågare skilnad mellom talet som er heilt ledige og talet som er delvis ledige. I dei yngre aldersgruppene er det klart flest av dei som er heilt ledige. Det kan tyde på vanskar med å komme seg inn i arbeidsmarknaden for ein del yngre.  

Talet ledige etter utdanningsnivå per august 2021 syner at det er klart flest med vidaregåande utdanning blant dei som er heilt eller delvis ledig. Dei utgjer om lag 55 prosent av alle ledige (både heilt, delvis og sett samla), og utgjer 2 839 personar. Lågast ledigheit er det blant dei med lang høgare utdanning (ukjent er ikkje medrekna), altså utdanningar som er lengre enn fire år. Det er kan vere litt overraskande at delen med kort (inntil tre år) høgare utdanning utgjer fleire enn dei med grunnskoleutdanning. Dette heng truleg saman med at det er mange unge med kort høgare utdanning som har vanskar med å komme seg inn i arbeidsmarknaden, samtidig som det er fleire eldre med grunnskoleutdanning som er godt integrert i arbeidsmarknaden trass låg formell kompetanse.  

Talet heilt ledige per kommune syner at ledigheita i Møre og Romsdal er lågare enn landsgjennomsnittet. På landsbasis utgjer dei heilt ledige 2,7 prosent av arbeidsstyrken, medan tilsvarande del i Møre og Romsdal er 2,3 prosent. Berre fem kommunar i fylket ligg over landsgjennomsnittet. Kommunane Hareid, Herøy, Ulstein og Sande er tunge industrikommunar på Søre Sunnmøre, som har hatt store utfordringar under pandemien. Høgast tal heilt ledige hadde Vestnes, med 4,0 prosent, som også er ein industrikommune kor det har vore same type utfordringar i industrien.   

Filer til nedlasting