17. Likestilling og demokrati

Valdeltaking

Låg valdeltaking blant dei med låg utdanning 

Høg valdeltaking er viktig for demokratiet vårt. Både for kommunestyreval, fylkestingsval og stortingsval har valdeltakinga vore nokolunde jamn på 2000-talet, med litt variasjon frå val til val. Valdeltakinga i Møre og Romsdal ligg om lag eitt prosentpoeng under landsgjennomsnittet for alle dei tre typane val. 

Ved kommunestyrevalet i 2019 var valdeltakinga 63,0 prosent i Møre og Romsdal og  landsgjennomsnittet var på 64,7 prosent. Deltakinga ved fylkestingsvalet same år var 57,4 prosent i Møre og Romsdal og 60,5 prosent i landet. 

Kvinner er flinkare til å nytte røysteretten enn menn. Ved kommunestyrevalet i Møre og Romsdal i 2019 var deltakinga 66,2 prosent blant kvinner og 60,0 prosent blant menn. Kjønnsforskjellen er større her enn det vi finn nasjonalt.  

Valdeltakinga varierer også mykje etter alder. Høgast deltaking i kommunestyrevalet i Møre og Romsdal i 2019 finn vi blant dei mellom 67-79 år,  av desse nytta 78,9 prosent røysteretten ved kommunestyrevalet i 2019. Lågast var deltakinga i gruppa 20-24 år der berre 41,7 prosent røysta. Både for denne gruppa og for dei mellom 18-19 år er valdeltakinga i Møre og Romsdal enno svakare enn landsgjennomsnittet.  

Utdanningsnivå er likevel det som skaper størst forskjell i valdeltakinga. Her varierer deltakinga i kommunestyrevalet i Møre og Romsdal 2019 frå 17,9 prosent blant dei med uoppgitt eller ingen fullført utdanning til 77,1 prosent blant dei med høgskole eller universitetsutdanning. 

Ser vi på deltaking i kommunestyrevalet etter innvandringskategori, finner vi same kjønnsforskjell i favør kvinner som i befolkninga elles. Dei som har innvandra til Noreg eller som er barn av innvandrarar deltok i klart mindre grad i kommunestyrevalet enn resten av dei røysteføre, det skil nær 25 prosentpoeng både i Møre og Romsdal og landet samla.

Filer til nedlasting

Likestilling

3 av 4 tilsette i offentleg sektor er kvinner 

I desember kvart år publiserer Statistisk sentralbyrå sin likestillingsindeks. I 2020 (tala er frå 2019) skåra Møre og Romsdal lågare enn landsgjennomsnittet på ni av tolv indikatorar. 

Frå år til år er forskjellane ganske små, men over tid har enkelte av indikatorane hatt ei positiv  utvikling. Størst framgang har det vore i kjønnsfordelinga blant leiarar, der Møre og Romsdal no nærmar seg landsgjennomsnittet. I 2009 var delen kvinner blant leiarar i Møre og Romsdal 30,1 prosent. Dette har auka til 34,9 prosent i 2019. Landsgjennomsnittet i 2019 var 36,8 prosent. 

Hovudutfordringa for likestillingsarbeidet i Møre og Romsdal er, ifølge likestillingsindeksen, at vi har ein klart kjønnsdelt arbeidsmarknad. Det er eit tydeleg kjønnsskille i jobbval, arbeidstid og løn. Kvinnene utgjer 75,0 prosent av dei tilsette i offentleg sektor og berre 33,1 prosent av dei tilsette i privat sektor i Møre og Romsdal. 

Gjennomsnittleg bruttoinntekt for kvinner i Møre og Romsdal i 2019 var 178 200 kr lågare enn gjennomsnittleg bruttoinntekt for menn. I 2019 tente kvinnene i fylket 67,7 prosent av inntekta til menn, mot 62,4 prosent i 2009. Tilsvarande auke finn vi også nasjonalt der kvinner si lønn utgjorde 70,1 prosent av menn si inntekt i 2019.  

Ein av grunnane til at kvinner har lågare inntekt enn menn, er deltidsarbeid. 43,5 prosent av kvinnene arbeidde deltid i Møre og Romsdal i 2019. Etter ein topp på 50,5 prosent i 2015, går no delen nedover, men Møre og Romsdal har framleis ein klart høgare del kvinner som arbeider deltid enn landsgjennomsnittet, som i 2019 var 37,3 prosent.  

Ein likestillingsfaktor som går i kvinners favør er delen som tek høgare utdanning. På ti år, frå 2009 til 2019, har delen kvinner med høgare utdanning gått frå 24,6 prosent til 34,1 prosent i Møre og Romsdal og landsgjennomsnittet er tilsvarande auka frå 27,8 prosent til 38,8 prosent. 

Filer til nedlasting