12. Klima og miljø

Klimagassutslepp

Lite endring i klimagassutslepp dei siste ti år 

Klimagassutsleppa i Møre og Romsdal har vore relativt stabile sidan berekningane starta i 2009.  Utsleppa gjekk ned med 2,3 prosent frå 2018 til 2019. Talet for 2019 er det lågaste i denne perioden, og på nivå med utsleppa i 2009, 2011 og 2013. Det er framleis langt fram til målet om 50 til 55 prosent kutt innan 2030. 

Svak auke i utslepp frå vegtrafikk 

Også innan dei ulike sektorane held utsleppa av klimagassar seg relativt stabile. Industri og sjøfart står for dei største utsleppa i fylket. Medan sjøfart har hatt ein svak nedgang av klimagassar dei siste åra, har vegtrafikken auka. 

Statistikken gjeld direkte utslepp innanfor fylkesgrensa og er målt i CO2-ekvivalentar. Aktivitet i fylket som skaper klimagassutslepp i andre fylker eller andre land er ikkje rekna med (indirekte utslepp). 

Kommunevis fordeling av klimagassutslepp 

Dei høgaste utsleppa frå industrien finn vi i kommunane Sunndal, Aure og Aukra. I desse kommunane er det enkeltbedrifter i kvar kommune som står for det aller meste av utsleppet. Dette er Hydro Aluminium i Sunndal, Tjelbergodden metanolfabrikk i Aure og Nyhamna prosessanlegg i Aukra.  

For dei fleste andre kommunane er det sjøfart som står for det største utsleppet. Dei høgaste utsleppa innanfor sjøfart er i Ålesund, etterfølgd av Herøy og Molde.  

I Gjemnes, Fjord, Hustadvika, Rauma, Surnadal, Tingvoll, Vanylven og Ørsta kjem den største delen av utsleppa frå landbruket.

Filer til nedlasting

Utslepp etter sektor og kvoteplikt

Store ambisjonar om kutt i klimagassutslepp 

Mesteparten av utsleppa frå olje- og gassutvinning, industri og luftfart er kvotepliktige, det vil seie at dei er omfatta av EUs kvotesystem. Kvotesystemet er hovudsakleg laga for industrien, og fungerer slik at det er sett eit tak for kor mange CO2-ekvivalentar som maksimalt kan sleppast ut frå år til år. Taket blir gradvis redusert over tid, og dermed også utsleppa. Under dette taket kjøper og leverer industrien klimakvotar for å gjere opp for sine utslepp. Dette har skapt ein marknad, og dermed også ein prismekanisme, for CO2, der lågare tilbod vil skape høgare prisar i takt med reduksjonen av kvotar, som igjen vil motivere til reduksjon i utslepp i staden for kjøp av kvotar.  

I Møre og Romsdal har talet på kvotepliktige utslepp CO2-ekvivalentar vore relativt stabilt over tid, og ligg på rundt ein million tonn CO2-ekvivalentar. I 2019 var det på 955 121 tonn, noko som er det lågaste sidan 2013 (tal for 2014 manglar). Alle dei kvotepliktige utsleppa i perioden kjem frå sektoren industri, olje og gass. Industrianlegget på Tjeldbergodden (Aure) og aluminiumsverket i Sunndal står bak ein stor del av desse utsleppa. Kommunefordelt utgjer utsleppa i desse to kommunane 96 prosent av utsleppa som er kvotepliktige i fylket. 

I fylkesplanen for Møre og Romsdal har ein vedteke at Møre og Romsdal skal være miljøfylket nummer ein i landet. I samband med dette har politikarane vedteke eit mål om 55 prosent reduksjon av klimagassutslepp i ikkje-kvotepliktig sektor i 2030 samanlikna med utsleppa i 2005. Figur nummer to syner kor mykje utslepp ein må kutte for å nå måla, samt kva målet er i tonn CO2-ekvivalentar basert på utsleppa i 2009, som er dei eldste tilgjengelege tala hos Miljødirektoratet.

Her er det ikkje gjort sektorvise vurderingar, og kutta er lagt flatt på alle dei ulike sektorane som ein illustrasjon. Samla utslepp i 2009 i ikkje kvotepliktig sektor i fylket var på 2 083 076 tonn CO2-ekvivalentar. For å nå målet med ein reduksjon på 55 prosent må utsleppa ned 1 145 692 tonn CO2-ekvivalentar til 937 384 tonn CO2-ekvivalentar.  

Filer til nedlasting