5. Forsking og utvikling

Tildelingar frå Innovasjon Norge

2021 vert et normalår for tilsegn frå Innovasjon Norge Møre og Romsdal 

Tilsegna frå Innovasjon Norge til næringslivet i Møre og Romsdal varierte i perioden 2012 – 2019 frå 631 millionar kroner til rett i overkant av 1 milliard kroner. 2020 skil seg ut, då næringslivet hadde ekstraordinære utfordringar grunna Korona-pandemien og Innovasjon Norge hadde tilleggsmidlar for å bidra til å handtere desse utfordringane. 

Samla tilsegner utgjorde i 2020 1,94 mrd. kroner, der 26 prosent kom i form av tilskot og 71,5 prosent i form av lån. Dei resterande bevillingane var relatert til garantiar som utgjorde 2,5 prosent av totalen. Denne fordelinga mellom lån og tilskot er innafor normalen, då tilskotsandelen har variert frå 20 prosent til 36 prosent i perioden sidan 2012.  

Trenden i tal tilsegner frå 2015 viser at Innovasjon Norges tilsegner til prosjekt i Møre og Romsdal i aukande grad går til større prosjekt med dertil større finansieringsbehov. Denne trenden gjelder også for 2020, då med ein betydeleg auke i samla tilsegner og ein tilsvarande auke i tal tilsegner. 

2021 ser ut til å bli eit normalår med tanke på løyvde beløp og fordeling mellom lån og tilskot. Samla tilsegner per 27.08.2021 utgjer 643 millionar kroner med ein tilskots-andel på 29,4 prosent. Tilsegna finansierer prosjekt lokalisert i 25 av fylkets 26 kommunar, der det berre er Hareid som fram til 27.08.2021 ikkje har prosjekt delfinansiert av Innovasjon Norge. Hustadvika er den kommunen med høgast løyvde beløp med 154,1 millionar kroner fordelt på 13 tilsegner, mens Ålesund har høgast tal med 40 tilsegner, som samla utgjer ei finansiering på 91,7 millionar kroner. 

Merk at Innovasjon Norge har løpande søknadsbehandling og verdiane for 2021 er per 27.08.2021. Den samla finansieringa og tal tilsegner vil fortsette å utvikle seg i siste tertial.

Filer til nedlasting

Prosjektstøtte

Støtte til utvikling av marin teknologi 

Prosjektbanken til Forskningsrådet synar oversikter over tal prosjekt og tildelingar i kroner til prosjekt i Møre og Romsdal. Oversiktane som viser utviklinga tilbake til 2002 synar kor mange prosjekt og summen dei har fått i støtte i fylket frå Forskningsrådet, EU og gjennom SkatteFUNN ordninga. For EU-prosjekt nyttas ein gjennomsnittskurs for året når ein skal rekne om valutaen. Dette gjeld i sju av åtte av EUs Horisont 2020 rammeprogram. I Rammeprogram 7 nyttas ein flat vekslingskurs på 8 kroner mot ein euro.  

I 2021 har den samla støtta frå SkatteFUNN, EU og Forskningsrådet auka samanlikna med 2020. Samla utgjer tildelinga i 2021 om lag 358 millionar kroner, noko som er om lag 33 millionar kroner høgare enn 2021. Det er framleis lågare enn 2016, som var eit toppår.  

I tal prosjekt var ikkje 2021 noko toppår. I alt var det 364 prosjekt som hadde støtte enten gjennom Forskningsrådet, EU eler SkatteFUNN. Ein må sjå tilbake til 2012 for å finne eit år kor det var færre prosjekt som fekk støtte i fylket.  

Figuren som viser tal prosjekt og støtte i kroner etter fag byggar berre på tildelingar frå Forskningsrådet. Som ein kan sjå er det teknologi som er fagretninga som har klart flest prosjekt og samla støtte, slik det også var i 2020. I teknologikategorien er det marin teknologi som får størst støtte, med om lag 65,2 millionar kroner, noko som utgjorde om lag 46 prosent av tildelinga i kategorien. Skipsteknologi aleine står for 25,6 millionar kroner, og er med det enkeltfaget med størst støtte i 2021.  

Dei kommunefordelte tala byggar også på tildelingar frå Forskningsrådet. Her er tala for 2021 om lag som i 2020. Det er Ålesund, Molde og Herøy som har flest prosjekt og som dei største tildelingane i kroner. Ålesund, som fylkets klart største kommune, har flest prosjekt og tildelt støtte i 2021, samstundes som Molde også skil seg litt frå resten av kommunane.  

Filer til nedlasting

FoU i næringslivet

Bedriftene satsar på FoU 

Forsking og utviklingsarbeid (FoU) kan styrke bedriftenes evne til å skape nye eller betre produkt og prosesser. FoU kan også styrke evna til å samarbeide med andre bedrifter og forskingsmiljø og finne fram til, forstå og ta i bruk kunnskap som er utvikla i forskingsmiljø eller hjå andre bedrifter. Utvikling i bedriftene si investering i FoU kan difor seie noko om bedriftene i regionen styrker innovasjonsevna gjennom forskings- og utviklingsarbeid.  

I 2019 brukte bedriftene i Møre og Romsdal om lag 1,44 milliardar kroner på forsking og utvikling, opp frå 1,30 milliardar kroner i 2018. Utgiftene næringslivet har hatt til FoU er basert på undersøkinga i næringa, og FoU frå kunnskapsinstitusjonane inngår ikkje i tala. Anna kvart år er verksemder med 5-9 sysselsette med i undersøkinga, som i 2019. I tala for 2018 er det berre verksemder med minst 10 sysselsette med. Frå 2018 til 2019 sakk talet verksemder i fylket som hadde FoU prosjekt med 2 prosentpoeng, til 24 prosent av verksemdene.  

Det er om lag 2 200 personar i fylket som har delteke i FoU arbeid i 2019. Desse utførte til saman om lag 1 000 årsverk. Om lag halvparten av desse årsverka vert utført av personar med høgare grad. Det er lågare enn snittet for landet som er på om lag 70 prosent. Her er det relativt store forskjellar mellom fylka, frå 31 prosent i Finnmark til 81 prosent i Akershus.   

Kostnadene til innkjøpt FoU låg på 210 millionar kroner i 2019, opp 1,9 prosent frå 2018. Tala for FoU i næringslivet er frå 2018 og 2019, altså før kommune- og regionreforma. Av den grunn er tala berre tilgjengeleg for «gammal» fylkesinndeling.  

Over tid ser ein at næringslivet i fylket investerer stadig meir i FoU. I perioden frå 2010 fram til 2019 ser ein at 2019 er eit toppår på fleire indikatorar, og ligg svært nær tidlegare toppverdiar. Eit godt døme er talet verksemder med FoU, som har gått frå 16 prosent til 33 prosent i perioden. 

Filer til nedlasting