15. Samferdsel

Reisevanar

Flest reiser med privatbil til arbeidsplass/skole

I folkehelseundersøkinga som vart gjennomført i februar 2021 inngjekk nokre tilleggsspørsmål som går på daglege reiser. Figurane viser korleis dei nesten 25 000 respondentane i Møre og Romsdal svarar at dei vanlegvis reiser til arbeidsplass/skole, og kor lang reiseveg dei har. I tillegg blir svara frå innbyggarar i dei tre største byane vist, for samanlikning. Undersøkinga vart gjennomført mens det var koronarestriksjonar, så det kan vere at dette har påverka svara og reisemetodane for daglege reiser.

Resultata frå undersøking syner at 60 prosent av innbyggarane i Møre og Romsdal reiser med privatbil til arbeidsplass og skole. I Ålesund svarar 59 prosent det same, mens i Molde og Kristiansund er det 53 og 56 prosent som reiser til arbeid og skole som sjåfør i eigen bil. 13 prosent av dei spurte reiser til fots på daglege reiser. I Ålesund er det 12 prosent som reiser til fots, i Molde og Kristiansund er det 16 prosent som reiser til fots. 5 prosent av dei spurte i heile fylket seier at dei reiser med buss til jobb og skole. I Ålesund er det 8 prosent som svarar det same, mens i Molde og Kristiansund er det 6 og 5 prosent som svarar at dei reiser med buss på daglege reiser. 

16 prosent har over 3 mil til skole eller jobb

Det er store skilnader i reiseavstand til jobb og skole i fylket. 29 prosent av respondentane i Molde har 2-5 km til arbeid og skole, mens 35 prosent av dei som svarte i Kristiansund har same reiselengde. I heile Møre og Romsdal er det 23 prosent som svarar at dei har 10-30 km reiseveg til jobb og skole, mens i Kristiansund har 12 prosent av respondentane 10-30 km reiseveg. 16 prosent av respondentane i heile fylket har meir enn 30 km til jobb og skole.

Filer til nedlasting

Reiser med buss

Reduksjon på 32 prosent i talet på reiser med buss i 2020

Det var registrert totalt 6,2 millionar reiser med buss i Møre og Romsdal i 2020. Dette er 32 prosent lågare enn i 2019, og reduksjonen er lik for skoleskyss og for ordinære reiser.  Koronapandemien førte til betydeleg reduserte tal på passasjerar med buss, særleg i mars, april og mai. September er månaden med minst reduksjon i talet på passasjerar med buss etter at koronapandemien ramma, med 25 prosent. 

Vi har i statistikken laga eit skilje mellom ordinære reiser og skolereiser. Totalt over året er reduksjonen for skoleskyss og ordinære reiser lik, men det er stor variasjon når vi ser på månader. Der reduksjonen i skolereiser var større enn reduksjonen på ordinære reiser dei første månadene av pandemien, var det større reduksjon i ordinære reiser enn i skoleskyssreiser frå august. 

Tal på registrerte passasjerar kan ha større usikkerheit under pandemien enn til vanleg. Det gjeld særleg for skolereiser. Under koronapandemien har det vore stengd framdør i heile eller delar av fylket i periodar i 2020, noko som kan ha påverka talet på registrerte passasjerar. Årsaka er at passasjerteljinga har skjedd manuelt i periodar, og ikkje med validering av billett på lesar fremst i bussen. Vi har også grunn til å tru at elevar i større grad har blitt køyrt til skolen fordi elevane vart beden om å finne alternativ til kollektivtransport på skolereisene. I tillegg har det vore utfordringar med validering av elektroniske skolekort, og passasjerteljinga har vore avhengig av manuelle registreringar også i periodar med open framdør.  Tala kan derfor vere usikre, og dette gjeld særleg for skolereiser.

Når det gjeld ordinære reiser med buss, så såg vi ei positiv utvikling i Møre og Romsdal i perioden 2016 til 2019. Ein reduksjon på 32 prosent ordinære reiser frå 2019 til 2020 har dermed sett ein stoppar for denne utviklinga.

Filer til nedlasting

Reiser med ferje

Tal køyretøy på fylkesvegferjer på 2010-nivå i 2020

I 2020 vart 4 millionar køyretøy frakta med fylkesvegferjene i Møre og Romsdal, noko som er 7,1 prosent lågare enn i 2019. Tala for 2020 er omtrent tilsvarande 2010/2011-nivået, med 1,6 prosent fleire køyretøy frakta enn i 2010 og 1,3 prosent færre køyretøy enn i 2011. 

Koronapandemien ramma ferjetrafikken mest i mars, april og mai. Ferjetrafikken i mars var 32 prosent lågare enn året før, i april 41 prosent og i mai 20 prosent lågare enn året før. Juni og august hadde også redusert trafikk samanlikna med 2019, men ikkje i same grad som vårmånadane. I juli var ferjetrafikken høgare enn i 2019, noko som sannsynlegvis skuldast at mange reiste på norgesferie med eigen bil. 

Noko forenkla kan vi seie at skiljet mellom privat- og næringstrafikk går mellom køyretøy over og under 6 meter. Når vi ser nærare på tala for desse gruppene, så viser tala at næringstrafikken var lågare enn 2019-nivå i perioden mars til og med september. I oktober, november og desember var det vekst i talet på køyretøy over 6 meter, samanlikna med 2019-nivå. Veksten var på mellom 7 og 20 prosent. For persontrafikken såg vi eit anna mønster, der berre julitala er høgare enn året før. Dei andre månadane frå mars og ut 2020, hadde lågare trafikk enn året før.

Filer til nedlasting

Tilstand fylkesvegdekke

47 prosent av fylkesvegnettet har ikkje tilfredsstillande dekke

Ein vegfarande merkar godt om standarden på vegen er dårleg. Vegstandarden avhenger av mellom anna type veg, vegdekket, vegfundamentet, kurvatur, breidde og korleis vegen er tilpassa terrenget. Det er om lag 3 000 km asfaltert fylkesveg i Møre og Romsdal.

Dekketilstanden på vegane vert, på grunnlag av årlege målingar, inndelt i følgjande kategoriar: svært god, god, middels, dårleg og svært dårleg. Kategoriane «svært god», «god» og «middels» vert rekna som tilfredsstillande dekketilstand. Kategoriane «dårleg» og «svært dårleg» vert rekna som ikkje tilfredsstillande dekketilstand.

Mange fylkesvegstrekningar i Møre og Romsdal har ikkje tilfredsstillande vegdekke. Staten overførte mange vegar utan tilfredsstillande vegdekke til fylkeskommunen i samband med forvaltningsreforma i 2010. Utfordringa knytt til vegdekke gjeld også mange andre fylke. Ei kartlegging viste at 47 prosent av fylkesvegnettet vårt hadde ikkje tilfredsstillande vegdekke (dårleg eller svært dårleg) i 2015. Tilsvarande tal for 2018 var 39 prosent, og 40 prosent for 2019. For 2020 var 45 prosent av vegdekket ikkje tilfredsstillande.

Statens vegvesen kartla vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane i Møre og Romsdal i 2018/2019.  Etterslepet for vegfundament og vegdekke på fylkesveg er rekna til 1 milliard kroner, ifølge rapporten deira.

Levetida for asfalterte dekke er om lag 15 år. Dei mest trafikkerte fylkesvegane har ei levetid på 8-10 år. Prisen for å asfaltere 1 km fylkesveg er i gjennomsnitt om lag 1 mill. kroner.  Når vi tar omsyn til levetida til vegdekket, er estimert årleg asfalteringsbehov minst 140 mill. kroner for å oppretthalde tilfredsstillande vegdekke på dagens fylkesvegnett.  Ekstramidlar på 14 mill. kroner i 2020 resulterte i nytt dekke på prioriterte vegstrekningar i heile fylket.

Filer til nedlasting

Trafikktrygging

Færre ulykker i vegtrafikken i 2020

I Møre og Romsdal vart 3 drepne og 32 hardt skadd i trafikken i 2020. Tala for 2019 var 10 drepne og 33 hardt skadde. Dette er samla tal for alle vegar i Møre og Romsdal, men det skjer flest ulykker på fylkesvegane. Utforkøyringsulykker og dernest møteulykker tar flest liv eller fører til alvorlege skadar. Det er difor nødvendig å investere meir i betre vegar og auke vegvedlikehaldet, samt innføre fleire midtdelarar, midtrekkverk og forsterke midtoppmerkinga. Fart, ruskøyring og manglande bruk av bilbelte er dei tre viktigaste årsakene til alvorlege ulykker. Desse problemstillingane er i fokus i det haldningsskapande trafikktryggingsarbeidet. 

Utviklinga i talet på drepne, hardt skadde og lettare skadde i trafikken i Møre og Romsdal frå 2005 syner den langsiktige trenden med nedgang i skadde og drepne i fylket vårt. Men framleis vert mange skadd i trafikken kvart år, til saman 221 hardt og lettare skadde i Møre og Romsdal i 2020.

Det vil òg vere viktig å halde fokus på tiltak for gåande og syklande for å møte ei framtid med fleire i denne trafikantgruppa.  

Samla vart 93 drepne i vegtrafikken i Noreg i 2020, noko som er 15 færre enn året før. I 1970 mista 560 menneske livet i trafikken. På landsbasis er nedgangen i dødsulykker på meir enn 80 prosent dei siste 50 åra, samtidig som trafikken er nesten firedobla. Det har ikkje vore ein like stor reduksjon i talet på hardt skadde som for trafikkdrepne. I 2020 vart 627 personar hardt skadde i trafikkulykker i Noreg. 

Stortinget har i Nasjonal Transportplan 2018-2029 fastsett mål for trafikksikkerheit: Målet om maksimalt 350 drepne og hardt skadde innan 2030 krev systematisk arbeid og auka økonomiske rammer. For fylket vårt er målet 59 prosent reduksjon i talet på drepne og hardt skadde, samanlikna med gjennomsnitt for 2004-2016.

Filer til nedlasting

Forvaltningsoppgåver

Forvaltningsoppgåver på samferdselsområdet

På samferdselsområdet er det fleire ansvarsområde som krev saksbehandling og vedtak. Noko er automatiske prosessar, men hovudsakeleg gjerast dette manuelt.

I skoleåret 2020-2021 var det 31 676 elevar i grunnskolen og 9 782 elevar i vidaregåande skole i Møre og Romsdal. Av dei 12 208 elevane med skyssrett i grunnskolen og dei 5 009 elevane med skyssrett i vidaregåande skole kravde over 3 000 søknadar manuell saksbehandling. Denne saksbehandlinga er i hovudsak knytt til elevar med midlertidig eller varig tilrettelagt skoleskyss, eller farleg skoleveg. Av elevar i grunnskolen fekk 39 prosent innvilga skoleskyss, og av elevar i videregåande skole fikk 51 prosent det same.

Løyvesaker innan drosjenæringa hadde ein stor auke i november og desember 2020. Dette er grunna nytt drosjeregelverk som vart innført 1. november. Talet på innvilga løyver i 2020 var på totalt 66, av desse var 26 løyver tildelt etter 1. november. Til samanlikning vart det tildelt til saman 20 løyver i 2019.

FRAM er namnet på det offentlege kollektivtilbodet til Møre og Romsdal fylkeskommune. I 2020 vart det ringt til FRAM Kundesenter over 50 000 gongar. I 2017 var talet på telefonførespurnader over 70 000. Samstundes aukar talet på søk i reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen årleg.

Plan- og trafikkseksjonen på samferdselsområdet har hovudansvaret for planlegging og forvaltning av fylkesvegnettet. Dette inneber blant anna arbeid med trafikktryggleik, vegplanlegging, utarbeiding av reguleringsplanar, tilstandsregistrering og vegdata. Seksjonen fekk inn 1 960 saker til handsaming i 2020, dei aller fleste innanfor fagfelta areal og trafikkteknikk. I 2020 handsama arealgruppa 812 saker etter veglova, og var involvert i 1 218 saker etter plan- og bygningslova. Fagområdet trafikkteknikk handsama 779 saker i 2020.

Filer til nedlasting

Vegprosjekt

Nordøyvegen dominerer investeringskostnadane i vegprosjekt 

Figuren viser brutto rekneskapsførte investeringskostnader (i 1000 kroner) for fylkesvegprosjekt i Møre og Romsdal i perioden 2013-2020, samt prognose for 2021. Vi ser at Nordøyvegen dominerer tala for fylkesvegprosjekt i 2019-2021. Skredsikring står for ein stor del av kostnadene i første del av perioden. Både Nordøyvegen og skredsikringsprosjekt har andre finansieringskjelder i tillegg til ordinære fylkesvegmidlar. 

Nordøyvegen er eit stort prosjekt (også i nasjonal målestokk) med mellom anna tre undersjøiske tunnelar, ein miljøtunnel og tre bruer. Nordøyvegen gir fastlandssamband til ca. 2 700 personar på Harøya, Fjørtofta, Skuløya/Flemsøya, Haramsøya og Lepsøya. 

Fylkesveg 63 er einaste veg til Geiranger om vinteren, og denne vegen er ofte stengt på grunn av snøskred eller fare for snøskred. Korsmyra-Indreeide er eit skredsikringsprosjekt som består av ein vintertunnel mellom Eidsdal og Geiranger. Dette prosjektet starta opp hausten 2020.  

I tillegg til Nordøyvegen og skredsikring brukar fylkeskommunen investeringsmidlar (i gjennomsnitt vel 325 mill. kroner per år siste 9 år) der ferjekaier og tunnelar er dei største postane.

Drift og vedlikehald av fylkesveg kom på 548 mill. kroner i 2020. Desse driftsmidlane kjem i tillegg til investeringsmidlane over. Entreprenørar som har inngått kontrakt med fylkeskommunen, står for storparten av drift og vedlikehaldet på fylkesvegane. Sentrale oppgåver er drift og vedlikehald av til dømes grøfter og  rekkverk, vintervedlikehald (snøbrøyting og strøing), bru- og kaivedlikehald, asfaltering og vegoppmerking.  

Filer til nedlasting