8. Kultur

Aktivitet for barn og unge

Stor variasjon i bruk av midlar til aktivitetstilbod for barn og unge 

I høve til landet elles ligg fleire kommunar i Møre og Romsdal lågt når det gjeld ressursbruk innan aktivitetstilbod til barn og unge. Dette gjer at Møre og Romsdal samla sett ligg lågast i fylkessamanheng med 71 kroner per innbyggar for 2020. Rekna i prosent av samla driftsutgifter vart det nasjonalt brukt 0,3 prosent på aktivitetstilbod for barn og unge i 2020. I Møre og Romsdal er same prosentdel 0,1. 

Fylka utanom Oslo varierer mellom 71 (Møre og Romsdal) og 212 (Troms og Finnmark) kroner per innbyggar i 2020. Oslo med sine 639 kroner per innbyggar dreg opp landssnittet til 229 kroner. Landsgjennomsnittet utan Oslo var i 2020 168 kroner per innbyggar.  

Aukra er den kommunen i fylket som brukte mest med 296 kroner per innbyggar i 2020, med Sunndal som nummer to med 239 kroner. Dette er like over landsgjennomsnittet på 229 kroner per innbyggar, og langt over snittet for landet utanom Oslo. 

Tala for dei samanslåtte kommunane og fylka er berekna som samla driftsutgifter delt på innbyggartalet i dei gamle kommunane og fylka. Desse berekningane tek dermed ikkje omsyn til endringar som overføringar av krinsar og liknande mellom kommunane.  

Av dei tre største byane i fylket er det Molde som brukte mest per innbyggar i 2020, med 96 kroner, medan Kristiansund brukte minst, med 43 kroner per innbyggar.  

Det er lovpålagt å ha eit kulturskoletilbod i alle kommunar, men kommunane prioriterer sjølve kor mykje ressursar som skal brukast til tenesta. Fleire av dei som brukar lite ressursar på aktivitetstilbod til barn og unge, brukar desto meir på å drifte kulturskole.  

20 prosent av barn og unge får tilbod gjennom kulturskolar 

Aukra ligg på topp også når det gjeld utgifter per innbyggar til kulturskole med 836 kroner per innbyggar i 2020, og Fjord kommune var hakk i hel med 805 kroner per innbyggar. Giske kommune brukar minst med 246 kroner per innbyggar, og her er ressursbruken redusert med nesten 30 prosent frå 2019. 

Totalt i Møre og Romsdal er det fleire barn og unge i alderen 6-15 år som får tilbod gjennom kulturskolen (20,4 prosent) enn i landet (13,1 prosent). Prosentdelen av barn og unge i alderen 6-15 år som mottek teneste gjennom kulturskolane i fylket varierer mellom 14,3 prosent (Sula) til 45,8 prosent (Smøla). Dermed ligg alle kommunane i fylket over landsgjennomsnittet.  

Kulturskolane har tilbod også til aldersgruppene under og over 6-15 år, og totalt brukar kommunane i Møre og Romsdal i gjennomsnitt 417 kroner til kulturskole per innbyggar, medan landet samla brukar 295 kroner per innbyggar. Det er om lag 40 prosent lågare enn i Møre og Romsdal.  

Sjølv om det er stor variasjon mellom kommunane i Møre og Romsdal, blir størstedelen av ressursane som blir brukt til kultur-/aktivitetstilbod for barn og unge brukt på kulturskolane. For fylket sett under eitt ble det brukt om lag 111 millionar på kulturskolar og om lag 19 millionar på aktivitetstilbod for barn og unge i 2020. 

På landsbasis blir det også brukt mest ressursar på kulturskoletilbod, men fordelinga er jamnare mellom dei to tilboda, høvesvis 295 kroner og 229 kroner per innbyggjar. Samanlagt er netto driftsutgifter til tilbod for barn og unge i landet på 524 kroner per innbyggar, mens det i Møre og Romsdal utgjer 488 kroner. Det er likevel viktig å nemne at midlar som går til frivillige organisasjonar og frivillig aktivitet, vert ført på annan kostrakode. Her kan ein ikkje skilje ut kor mykje av ressursane som går til aktivitet for barn og unge.  

Filer til nedlasting

Frivillige lag og foreiningar

Flest frivillige organisasjonar innan kultur, men mest driftstilskot til idretten 

I 2020 var det meir enn dobbelt så mange frivillige lag og foreiningar innan kulturfrivilligheita som mottok tilskot frå kommunane i Møre og Romsdal, men det var idrettsfrivilligheita som mottok dei største tilskota. Der 287 frivillige lag og foreiningar innan idrett mottok 17,14 millionar kroner dette året, var det tilsvarande talet for frivillige lag og foreiningar innan kultur 606 og 8,88 millionar kroner. 

Trenden i Møre og Romsdal følger dei andre fylka og landet i sin heilheit. I alle fylke er det flest frivillige lag og foreiningar innan kultur som mottek tilskot, og i alle fylke er det idrettsfrivilligheita som samla mottek det største driftstilskotet. På landsbasis mottek idrettsfrivilligheita 189 millionar kroner meir i tilskot enn kulturfrivilligheita, trass i at det på landsbasis er meir enn 4 000 fleire frivillige lag og organisasjonar innan kultur som mottek kommunale tilskot. Ein årsak til dette kan vere at kommunane gir store tilskot til drift av idrettsanlegg dei ikkje eig sjølve, og at talet lag og organisasjonar innan dei ulike områda ikkje nødvendigvis speglar tal medlemmar. 

Også i dei fleste av kommunane i Møre og Romsdal er det flest frivillige lag og organisasjonar innan kultur som mottek kommunalt tilskot, men det er større variasjon når det kjem til fordelinga av driftstilskot. Om lag halvparten av kommunane følgjer same mønster som på fylkesnivået og på landsbasis der størsteparten av driftstilskota går til idretten. I den andre halvparten av kommunane er det kulturfrivilligheita som mottek størsteparten av driftstilskotet i kommunane. Tydelegast er dette i Ålesund kommune der 91 frivillige lag og organisasjonar innan kulturfrivilligheita fekk 1,8 millionar i samla driftstilskot. Det er om lag 1 million kroner meir enn det samla driftstilskotet til dei 38 frivillige laga og organisasjonane innan idrett.

Filer til nedlasting

Livskvalitet

Livskvalitet er målt i Møre og Romsdal

I februar 2021 gjennomførte fylkeskommunen ei stor fylkesomfattande folkehelseundersøking i vaksenbefolkninga i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI). 

I undersøkinga inngår blant anna ei rekkje spørsmål om livskvalitet. Spørsmåla er henta frå ein rapport om måling av livskvalitet utgitt av Helsedirektoratet og FHI i 2018.  

Dei fleste er fornøgde med livet 

I resultata frå undersøkinga er det utrekna ein gjennomsnittleg skår på spørsmålet om kor fornøgd ein er med livet for tida. Denne er publisert for dei fylka som har gjennomført folkehelseundersøkingar i samarbeid med FHI der dette spørsmålet inngår.   

Svara er gitt på ein skala frå 0-10, der 0 betyr ikkje fornøgd i det heile tatt og 10 betyr svært fornøgd.  Gjennomsnittskåren for heile utvalet i Møre og Romsdal er 7,30 og fylket er dermed litt lågare enn dei andre fylka på livskvalitetsutfallet kor fornøgd ein er med livet. Forhold knytt til koronapandemien kan tenkast å ha hatt betydning for svara. Men det kan nemnast at også Rogaland gjennomførte si undersøking under pandemien (september 2020).  Det er ingen klare forskjellar mellom regionane i fylket i gjennomsnittleg skår på kor fornøgd ein er med livet.  På spørsmålet om kor fornøgd ein trur ein vil vere med livet sitt om fem år frå no, viser svara at «framtidsoptimismen» er noko høgare, og er på 7,79 for Møre og Romsdal. 

Det ein gjer i livet er meningsfylt

Det er også utrekna ein gjennomsnittleg skår på spørsmålet om det ein gjer i livet er meiningsfylt, der 0 betyr «ikkje meningsfylt» i heile tatt og 10 betyr «svært meningsfylt». Det er små forskjellar mellom regionane i fylket, men skåren i Søre Sunnmøre ligg signifikant over fylkesgjennomsnittet. 

Gjennomsnittskåren aukar jamt med høgare utdanning, og kvinner skårar signifikant høgare enn menn i dei to gruppene med høgast utdanning. 

Filer til nedlasting

Utvalde resultat frå folkehelseundersøkinga

Klare kjønnsforskjellar når de gjeld kosthald, fysisk aktivitet og fedme

Endring av helserelaterte åtferdsmønster er ei sentral oppgåve innan folkehelsearbeidet. Kosthald og fysisk aktivitet heng nært saman med fedme, og det er difor naturleg å sjå desse i samanheng. 

I folkehelseundersøkinga 2021 vart det spurt om kroppshøgde og vekt, seks spørsmål handla om fysisk aktivitet og fire spørsmål om kosthaldsvanar. Eit utval av svara frå desse spørsmåla er gjengjeve i tabellen her. Vi viser også tala for kommunane, men gjer merksam på at tala må brukast med forsiktigheit, særleg for dei små kommunane. 

Kvinner kjem betre ut enn menn på nokså mange utfallsmål som handlar om kosthald, fysisk aktivitet og fedme. 

Ein større andel kvinner enn menn i fylket et grønsaker dagleg eller oftare (51,6 prosent mot 33,1 prosent). Det er tydelege kjønnsforskjellar, og det gjeld også kommunenivået.  

Andelen som drikk sukkerhaldig brus eller leskedrikk 2-3 gonger i veka eller meir, er 24,8 prosent blant kvinner og 36,6 prosent blant menn i fylket. Med eitt unntak, er kjønnsforskjellane tydelege også når ein ser på kommunane.

Andel som var moderat fysisk aktive fire eller fleire dagar i veka var høgare blant kvinner (27,3) enn blant menn (22,5).  Dette gjeld også på kommunenivået, med eit par unntak.

Kroppsmasseindeksen (KMI) er rekna ut ved at kroppsvekta i kilogram blir dividert med kvadratet av høgda oppgitt i meter (kg/m2), der KMI på 30 eller meir ofte blir omtalt som fedme. Andel med fedme i fylket er litt lågare blant kvinner (17,9) enn blant menn (21,1). Når ein ser på kommunenivået, er det med nokre få unntak, same mønster. 

Forskjellane er små når ein ser på regionane i fylket, men Søre Sunnmøre skil seg positivt ut på tre utfallsmål: Inntak av sukkerhaldig drikk 2-3 gongar i veka eller oftare, timar stillesitting og fysisk aktivitet. (Timar stillesitting er ikkje med her). Sjå www.mrfylke.no/folkehelseundersokinga

Filer til nedlasting

Museum

Store variasjonar i utgifter knytt til musea i fylket

I gjennomsnitt vart det i Møre og Romsdal brukt 68 kroner per innbyggar i netto driftsutgifter til museum i 2020. Dette er lågare enn på landsbasis, der netto driftsutgifter per innbyggar til museum ligg på 112 kroner. Dei rapporterte netto driftsutgiftene i fylket er høgare enn i andre fylke, som til dømes Innlandet, Viken og Trøndelag. Det høge landsgjennomsnittet vert trekt opp av Oslo med 324 kroner i driftsutgifter per innbyggar. Fylke som Rogaland, Nordland og Agder rapporterer likevel om høgare driftsutgifter enn Møre og Romsdal med 126, 130 og 141 kroner per innbyggar. Netto driftsutgifter i Møre og Romsdal har i tillegg gått ned med 12 kroner per innbyggar sidan 2018, mens utgiftene i dei andre fylka og i landet totalt har gått opp sidan 2018.  

I fylket er det store variasjonar mellom dei ulike kommunane i kva netto driftsutgifter per innbyggar til museum som er rapportert inn. Surnadal kommune, som har eiga museumsavdeling under Nordmøre museum, rapporterer inn høgaste netto driftsutgifter på 263 kroner per innbyggar. Tingvoll og Smøla kommune rapporterer om 195 og 193 kroner i netto driftsutgifter per innbyggar. 

I motsett ende av skalaen finn vi Sande som rapporterer om 0 kroner i netto driftsutgifter per innbyggar til museum. Vanylven og Stranda kommune har nest lågast driftsutgifter per innbyggjar til museum. På kommunenivå er det større variasjon enn på fylkesnivå når det kjem til endring i netto driftsutgifter sidan 2018. I elleve av kommunane har netto driftsutgifter gått ned sidan 2018. I seks kommunar har netto driftsutgifter auka i frå 2018 til 2020, mens i fire av kommunane er netto driftsutgifter på same nivå som i 2018. 

Filer til nedlasting

Bibliotek

Færre besøk i biblioteka i pandemiåret, Møre og Romsdal har minst endring

Det er ein generell nedgang i tal besøk per innbyggar på folkebiblioteka frå 2018 til 2020, både i heile landet og i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal har hatt minst negativ endring, med berre -1,0 i fysiske besøk per innbyggar. På landsbasis er dette talet -1,7, medan Rogaland har -2,1 og Nordland har -3,2 i fysiske besøk per innbyggar. 

Smøla, Sunndal og Ulstein har i 2020 hatt flest fysiske besøk per innbyggar. Smøla har hatt 8,1 fysiske besøk per innbyggar, medan Sunndal har hatt 3,6 og Ulstein har hatt 3,9. For fleire kommunar kan noko av grunnen til nedgangen vere covid-19-pandemien. Pandemien har ført til stengte bibliotek, og redusert tilgang til biblioteka. Enkelte bibliotek har hatt «take-away» for utlevering av bøker i denne perioden. Det er ulikt korleis biblioteka har valt å registera besøk i samband med utlån av bøker når biblioteka har vore stengt.

Stor auke i utlån av e-medium i pandemiåret

Samanlikna med Nordland, Rogaland og landet elles har Møre og Romsdal det lågaste utlånet av e-medium i prosent av innbyggartalet i 2020, og lågaste auke frå 2018. Dei fleste biblioteka i Møre og Romsdal har likevel hatt ein auke i tal utlån av e-medium i 2020, og fylket har samanlagt ein auke på nær 47 000 utlån.

Innad i fylket har Molde kommune, med eit utlån tilsvarande 28 prosent av innbyggartalet, høgaste utlån av e-medium i 2020. Ulstein og Sunndal har hatt størst endring sidan 2018, med ein auke tilsvarande 11 prosent av innbyggartalet. Digitale tenester i biblioteka gir brukarane moglegheit til å låne bøker utan å møte opp fysisk i biblioteka, og auka i utlån av e-medium kan tyde på at brukarane av biblioteka har funne andre måtar å bruke biblioteket på under pandemien. 

Filer til nedlasting