16. Kommuneøkonomi

Økonomiske indikatorar

Svake driftsresultat og høg gjeld

Kommunane skal rapportere om verksemda si til Statistisk sentralbyrå gjennom Kommune-stat-rapporteringa. SSB registrerer og samanstiller tala. Informasjonen skal tene som grunnlag for analyse, planlegging og styring for avgjerdstakarane og andre, både lokalt, regionalt og nasjonalt. I tabellen på denne sida finn vi sentrale indikatorar på den økonomiske tilstanden i kommunane. Rekneskapstal som blir nytta er konserntal. Det vil seie rekneskapstal for heile kommunen, inkludert kommunale føretak, interkommunale samarbeid og interkommunale selskap.  

Netto driftsresultat er hovudindikatoren på den økonomiske situasjonen i kommunane. Netto driftsresultat er summen av alle inntekter trekt frå alle utgifter. Teknisk berekningsutval tilrår at netto driftsresultat for kommunesektoren bør utgjere 1,75 % av brutto driftsinntekt over tid for at formuesbevaringsprinsippet skal bli teke i vare. Prinsippet inneber at ein kommune si samla formue, realkapital og finansielle fordringar, med frådrag av gjeld, ikkje skal reduserast over tid. 

Heile 12 av kommunane har negativt netto driftsresultat i 2020. Kommunar som har hatt negativt netto driftsresultat over fleire år, bør arbeide for å bringe økonomien i balanse. 

Disposisjonsfond er kommunens «sparepengar». Det er tilrådd å ha eit disposisjonsfond på mellom 5-10 prosent av brutto driftsinntekt. Dette gir kommunen handlingsrom til å handtere svingingar i økonomien, og kan nyttast til både drifts- og investeringsføremål og skal brukast om kommunerekneskapen viser meirforbruk. 

Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekt er ein annan sentral indikator på den økonomiske tilstanden i kommunen. Netto lånegjeld blir brukt som mål på kommunen si gjeld knytt til tenesteytinga. Dei siste åra har den kommunale gjeldsgraden auka på landsbasis til 96,1 prosent i 2020. 

Renteeksponert gjeld er den delen av kommunen si gjeld som blir direkte påverka av endringar i renta. Renteeksponert gjeld er netto lånegjeld, utanom gjeld til vatn, avløp og renovasjon og gjeld knytt til rentekompensasjonsordningar.  

Filer til nedlasting

Sektorvise netto driftsutgifter

Store forskjellar i rammeoverføringane til kommunane

Kommunane har fleire inntektskjelder. Ein del inntekter kjem frå overføringar frå staten, andre kjem frå skatt og brukarbetalingar frå innbyggarane. 

Tabellen viser nokre av dei store inntektselementa i rammetilskotet til kommunane i 2021 og er henta frå «Grønt hefte». Innbyggartilskotet er medrekna utgiftsutjamning, tilskot med særskilt fordeling og inntektsgarantiordninga. 

Distriktstilskot Sør-Norge skal ivareta kommunar i Sør-Norge med ei svak samfunnsmessig utvikling. Tilskotet tek utgangspunkt i distriktsindeksen og tal på innbyggarar i kommunen. 

Regionsentertilskotet blir tildelt kommunar der det er fatta eit nasjonalt vedtak om samanslåing i perioden 2014-2017, og som etter samanslåinga får over 8 000 innbyggarar. 

Veksttilskotet er eit tilskot til kommunar med særleg høg vekst i folketalet, og som med storbytilskotet, er det ingen av kommunane som får desse tilskota i fylket.

Kommunane i Norge får i gjennomsnitt 26 000 kroner per innbyggar. I Møre og Romsdal får kommunane i gjennomsnitt nærare 28 106 kroner per innbyggar, og i fylket vårt har Fjord kommune den høgaste rammeoverføringa med om lag 48 589 kroner per innbyggar. Ålesund kommune har den lågaste rammeoverføringa med 24 677 kroner per innbyggar. 

Sjå «Utviklinga i kommuneøkonomien» hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for ytterlegare informasjon.

Filer til nedlasting