14. Bustadmarknaden

Bustadsal

Fleire omsetnader og høgare prisar i koronaåret 

Koronapandemien har gjeve utslag i fleire statistikkar, ofte med negativt forteikn. I bustadmarknaden har pandemien hatt positive effektar, og det har vore ein sterk auke i tal omsetnader både i Møre og Romsdal og nasjonalt. For landet sett under eitt auka tal omsetnader med om lag 3 400 omsetnader, frå 92 642 til 96 046 omsetnader. Det er ein relativ vekst på 3,7 prosent. I Møre og Romsdal auka tal omsetnader med om lag 400, frå 3 904 til 4 301, ein vekst på 10,2 prosent.  

I talgrunnlaget er det oppdaterte tal for 2020 med den nye kommuneinndelinga, men dei eldre tala har blitt konstruert ved å slå saman dei gamle kommunane til nye kommunar. Denne berekninga tek ikkje omsyn til dei mindre justeringane av delområde og kretsar.  

Størst auke i tal omsetnader i fylket var det i Ålesund med 100 fleire i 2020 enn i 2019. Det er ein vekst på 7,6 prosent, og omsetnadstalet i Ålesund auka frå 1 308 til 1 408. Etter Ålesund var det størst auke i tal omsetnader i Molde, Kristiansund og Ulstein. Den største relative veksten i omsetninga var det på Smøla, Gjemnes og Averøy. Smøla og Gjemnes hadde vekst på over 60 prosent, sjølv om det samla talet omsetnader er relativt lågt.  

Samla kjøpesum for omsetnadene nasjonalt nærmar seg 400 milliardar kroner, med 398,9 milliardar kroner i 2020. Av desse stod Møre og Romsdal for 12,7 milliardar kroner, som utgjer om lag 3,2 prosent. Samla kjøpesum er eit resultat av gjennomsnittleg oppnådd pris og tal omsetnader, følgeleg er det dei kommunane med flest omsetnader som rangerer høgast i landet og fylket.  

Gjennomsnittleg kjøpesum var 4,2 millionar kroner på landsbasis, snittet for Møre og Romsdal låg langt lågare, med 3,0 millionar, ein prisskilnad på om lag 1,2 millionar kroner eller 40 prosent. Ingen kommunar i fylket hadde ein gjennomsnittleg kjøpesum som var så høg. Høgst i fylket var prisane i Ulstein og Molde med om lag 3,5 millionar kroner i snitt.  

Filer til nedlasting

Igangsette og fullførte bustadar

Lågare bustadbygging i 2020 

Bustadbygginga er alltid ein god indikator på utviklinga i ein kommune. I eit «normalår» vil ein kanskje tolke omfanget av bustadbygginga som ein slags samleindikator for den lokale attraktivitet, tilstand i arbeidsmarknaden og framtidsutsikta innbyggarane ser for staden. I 2020 er det kanskje også ein del andre moment som spelar inn. Innanlandsflyttinga er langt lågare enn normalt, det kan ha vore utfordrande for selskap som nyttar arbeidskraft frå utlandet grunna innreiserestriksjonar og karantenereglar, og ikkje minst har materialkostnadar auka kraftig.  

Talet igangsette bustader sakk både i Møre og Romsdal og i landet samla sett. På landsbasis var nedgangen på -5,4 prosent, medan nedgangen i fylket var på -6,4 prosent. Det betyr at det vert igangsett bygging av om lag 1 700 færre bustadar nasjonalt og 88 færre bustadar i fylket i 2020 samanlikna med 2019. Om ein ser på bustadbygginga i kommunane dei seinare åra ser ein relativt store variasjonar. Dette finn vi både i dei med få innbyggarar og i dei meir folkerike kommunane. Volda har til dømes hatt ein periode med høg bustadbygging, men ligg vesentleg lågare i 2020. I Kristiansund er kanskje bustadbygginga noko lågare enn kva innbyggartalet kanskje skulle tilseie, spesielt i 2020.  

I perioden 2016-2020 vert det fullført bygging av om lag 6 000 bustadar i Møre og Romsdal og på landsbasis om lag 154 000. I Møre og Romsdal vert det relativt sett bygd fleire einebustadar og rekkehus enn kva dei gjer elles i landet. I fylket utgjer einebustadar 33,0 prosent av bustadbygginga, medan det nasjonalt utgjer 23,0 prosent. Rekkehus m.v. utgjer nær 40 prosent i Møre og Romsdal mot om lag 23 prosent nasjonalt. Skilnad er såleis størst når det gjeld bygging av blokker m.v, her dreg nok hovudstadsregionen og dei andre storbyane i landet opp tala for landsgjennomsnittet. Det er lågare skilnad mellom fylket og landet i bygginga av andre bustadar.  

Filer til nedlasting