Forord

Forord

Korona-pandemien gir tydelege utslag i fylkesstatistikken

Vi har lagt bak oss eit år som går inn i historia som korona-året. Den 12. mars 2020 stengde landet ned, og vart ikkje opna fullt opp igjen før siste helga i september 2021. På mange av temaa vi bruker å omtale er det tydelege brot i statistikken. Vi ser det mellom anna på sysselsetting, på eksport, på reiseliv, på kollektivtransport, på besøk i folkebiblioteka, og i redusert bustadbygging. 

Men kva har pandemien betydd for den demografiske utviklinga? Ein kortsiktig effekt er at innvandringa nesten har stoppa opp. Dette gjer at den svake folketalsveksten i Møre og Romsdal held fram. På den andre sida, så er det innanlandske flyttetapet, altså tal personar vi mister til andre fylke i Noreg, sterkt redusert. Det blir spennande å sjå om dette held fram også neste år. Da vil vi også sjå om pandemien kan ha gitt seg utslag i fødselstala, foreløpige tal tyder på ein viss positiv effekt.

Det er ikkje berre pandemien som gjer 2020 til eit spesielt år i statistikk-samanheng. Dette året tok kommunereforma til å gjelde, og samanslåinga av kommunar (og flytting av krinsar) gir oss eit brot i ein del tidsseriar. For å komplettere dei må vi tidvis kombinere ulike datakjelder for å skape historiske tal for dei nye kommunane. Dette let seg gjere der vi kan nytte data for tidlegare kommunar, medan tal for krinsar finst det lite av. For kommunar med grensejusteringar blir ikkje tala heilt nøyaktige. I tillegg har ny statistikklov frå 01.01.2021 gitt oss utfordringar ved at den ikkje tillèt indirekte identifisering av verksemder eller føretak. I dei tilfella der det er kommunane som er verksemdene som er «anonymisert» i statistikkane, får vi ikkje rett sum for fylket. 

Med fylkesstatistikken ønsker vi å overvake utviklingstrekk som vil ha konsekvensar for Møre og Romsdal. Dette gjeld mellom anna folketalsutvikling, sysselsetting og arbeidsmarknad, pendling, utdanningsval, bustadbygging og kommuneøkonomi. Vi tek også med utviklinga på område som fylkeskommunen har ansvar for, slik som tal bussreiser, standard på vegdekket, trafikkulykker, bruk av midlar på kulturtilbod til barn og unge, tal søkarar og elevar i vidaregåande opplæring og kor mange barn og unge som ikkje har hol i tennene. Dette er viktige måleindikatorar for fylkeskommunens verksemdstyring. Fylkesstatistikk er også eit supplement til kommunane si kartlegging av berekraft, her finn du for eksempel mange fleire indikatorar for sosial og kulturell berekraft.

I 2021-utgåva har vi også funne plass til statistikk henta frå dei nye areal-profilane som SSB har utarbeidd for kommunane. Desse gir god kunnskap om konsekvensane av planvedtak og betre grunnlag for prioriteringar i kommunestyra.

Spesielt for i år er også at vi har usedvanleg god tilgang til data om livskvalitet og levevanar til innbyggarane i Møre og Romsdal. Nær 25 000 i fylket svarte på den store folkehelseundersøkinga fylkeskommunen gjennomførte saman med FHI våren 2021. Takk til alle som tok seg tid til å svare på det lange spørjeskjemaet! Alle resultata finn du på www.mrfylke.no/statistikk under Folkehelsestatistikk. 

Og så lurer du kanskje på kva vi i Møre og Romsdal er best i landet på?  Vi har færrast sosialhjelpstilfelle målt etter innbyggartal, vi brukar mykje meir midlar på kulturskolane enn landsgjennomsnittet og er framleis fiskerifylke nr. 1 når det kjem til verdi på landa fisk.

God lesing!
Ingunn Bekken Sjåholm
Fylkesplansjef

Filer til nedlasting