11. Helse- og sosialsektoren

Funksjonsnedsetting

1 av 4 oppgir funksjonsnedsetting eller skade

I folkehelseundersøkinga som vart gjennomført i Møre og Romsdal våren 2021 svarte 25,4 prosent at dei har ei funksjonsnedsetting eller plage som følgje av skade. Ser vi på aldersfordelinga av dei som svarar «ja», finn vi ikkje uventa lågast del blant dei yngre. Men det er likevel så mange som 16,7 prosent også blant dei mellom 18 og 29 år som oppgir å ha funksjonsnedsetting eller skade som plagar dei. Delen aukar med alderen fram til 50-åra, men så flatar det ut. Blant dei mellom 50-59 år er delen 28,8 prosent, og høgast er delen i aldersgruppa 60-69 år med 31,1 prosent. Kjønnsforskjellen er her liten, med 25,3 prosent for kvinner og 25,6 prosent for menn.    

Undersøkinga følger opp dei som har svara «ja» med eit spørsmål om korleis funksjonsnedsettinga/skaden påverkar kvardagen deira. 20,7 prosent svarar «i stor grad» og 53,4 prosent svarar «i nokon grad». Det er gruppa mellom 50-59 år som i størst grad opplev å vere påverka av funksjonsnedsettinga/skaden, i denne gruppa svarar 24,0 prosent «i stor grad». Også her stoppar auken etter alder ved rundt 50 år. 

Kvinner er noko meir påverka av funksjonsnedsetting/skade enn menn. 21,9 prosent svarar «i stor grad» og 56,8 prosent svarar «i nokon grad». For menn er desse delane 19,3 og 49,7 prosent. 

Omrekna til heile befolkninga, er det 5,2 prosent som er sterkt påverka av ei funksjonsnedsetting eller skade i Møre og Romsdal. Som vi finn for mange andre folkehelseindikatorar, heng påverknad av funksjonsnedsetting/skade saman med utdanningsnivå. For kvinner er forskjellen mellom gruppa med lågast og høgast fullførte utdanning 7 prosentpoeng, frå 10,3 prosent for dei med grunnskoleutdanning til 3,2 prosent blant dei med meir enn 4-årig høgare utdanning.

Filer til nedlasting

Sosialhjelp

Lågast del sosialhjelpsmottakarar i landet

Økonomisk sosialhjelp er ei midlertidig økonomisk støtte som innbyggarane kan søke kommunen (NAV) om, og som skal dekke nødvendige utgifter til å leve og bu. Den som ikkje kan sørge for sitt livsopphald gjennom arbeid eller andre inntektsgivande ordningar (for eksempel trygd), har krav på økonomisk stønad. 

I 2020 rapporterte kommunane gjennom Kostra at det var 4 780 sosialhjelpsmottakarar* i fylket. Det er ein nedgang på 12 prosent frå 2018, som var eit toppår med 5 437 sosialhjelpsmottakarar. Reduksjonen i tal som mottar sosialhjelp er ei utvikling vi også finn nasjonalt. 

Kommunane i Møre og Romsdal har det lågaste talet sosialhjelpstilfelle* etter innbyggartal av fylka. Med 22 tilfelle per 1 000 innbyggarar er dette betydeleg lågare enn kommunane i Vestfold og Telemark der dette talet var 35. 

Samtidig med reduksjonen i talet sosialhjelpsmottakarar har også utbetalingane til sosialhjelp gått ned. Frå 2018 til 2020 har utbetalingane falle med 11 prosent, til i overkant av 177 millionar kroner i Møre og Romsdal. Denne reduksjonen er større enn vi ser nasjonalt, der nedgang var 2 prosent same tidsrom. Reduksjonen i utbetalingar heng mellom anna saman med ein nedgang i gruppa som har mottatt sosialhjelp medan dei har deltatt på introduksjonsprogrammet.

Det er dei arbeidsledige som utgjer den største gruppa som får sosialhjelp. I 2020 utgjorde desse 38 prosent av mottakarane. 18 prosent av mottakarane i 2020 var i arbeid, anten heiltid eller deltid. I denne gruppa er det ein auke frå 2015 på 3 prosentpoeng.   

Aldersgruppa 18-24 år utgjer 20 prosent av mottakarane i Møre og Romsdal i 2020. Frå 2015 til 2020 har det vorte færre sosialhjelpsmottakarar i 20-åra, og fleire i 30-åra og 50-åra.

<fotnote>* I statistikken blir det skilt mellom omgrepa sosialhjelpstilfelle og sosialhjelpsmottakar. Talet på sosialhjelpstilfelle vil alltid vere høgare enn talet på mottakarar. Dette fordi ein og same person kan ha teke imot hjelp i fleire kommunar, og han eller ho blir då talt som fleire sosialhjelpstilfelle. I familiar med to ektefelle er det vilkårleg kven som blir registrert som sosialhjelpsmottakar.<fotnote>

Filer til nedlasting

Universell utforming

Behov for meir universell utforming 

Det har vore ei positiv utvikling i politikk og levekår for personar med nedsett funksjonsevne på mange område, men det står att viktige utfordringar. Desse er mellom anna knytt til likeverdige moglegheiter til utdanning, inkludering i arbeidslivet og tilgjengelege kultur- og fritidstilbod. Det kan til dømes vere fysiske tilhøve, omgjevnadane, korleis tenestene er organiserte og tekniske løysingar. 

Folkehelseundersøkinga i Møre og Romsdal (2021) inneheld spørsmål om ein opplev vanskar med å besøke butikkar, serveringsstader eller offentlege tenester og møteplassar. Her kjem det fram at 11 prosent av og til eller oftare opplev trapper eller tersklar som eit hinder. 18 prosent har av og til eller oftare problem med belysning eller dårlege kontrastar. 22 prosent har av og til eller oftare problem med akustikk, og 27 prosent opplev av og til eller oftare at mangel på kvileplassar hindrar dei i å bruke tilbod og møteplassar. Så mange som ein tredel har av og til eller oftare utfordringar med dårleg skilting og informasjon. Manglande strøing og brøyting er det som skaper vanskar for flest, heile 64 prosent svarar av og til eller oftare på dette.       

Det som er eit positivt funn i undersøkinga er at det er svært få som opplev desse forholda så utfordrande at dei ikkje går ut på grunn av det.  

På alle forholda det er spurt om er det til dels store forskjellar mellom kommunane. Her har vi valt å ta med resultata for dårleg brøyting/strøing – som no snart er ein aktuell problemstilling igjen. Det er innbyggarane i Surnadal som i minst grad opplev vanskar som følgje av dette, der svarar 50,8 prosent «aldri». Deretter kjem innbyggarane i Aukra og Fjord med 48,2 og 47,9 prosent som svarar «aldri». Det er flest innbyggarar i Kristiansund som opplev vanskar som følgje av manglande strøing/brøyting, her svarar 22,8 prosent «aldri». 

Filer til nedlasting