13. Areal

Arealbruk i sentrum

Arealprofilar gir god kunnskap til planlegginga 

Planavdelinga i Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har saman med Statistisk sentralbyrå (SSB) utvikla ein første versjon av arealprofilar for norske kommunar. Målet er at arealprofilane blir eit godt verktøy for samfunns- og arealplanlegginga, der lett tilgjengeleg arealstatistikk både kan gi kunnskapsgrunnlag for interesseavklaringar og raskare planprosessar.  

Ein av dei 24 statistikkane som er lagt inn i arealprofilane er bustadane sin avstand til arbeidsplassklyngar. For det første seier dette noko om tilgangen på arbeidsplassar i kommunen, men det seier også noko om prioriteringar kommunen har gjort om bustadbygging i kommuneplanen, og om transportbehovet for dei som bur i kommunen. Lokalisering av bustadar er mellom anna avgjerande for moglegheita til å kunne gå eller sykle i dagleglivet. 

Smøla er den kommunen som har desidert lengst avstand til arbeidsplassklyngar i Møre og Romsdal, med eit gjennomsnitt på 6,8 km. Dette er også i landstoppen, med 11. plass av dei 356 kommunane i 2020. Etter Smøla kjem kommunane Sunndal med 3,3 km og Surnadal med 3,0 km. Kortast veg mellom bustadar og arbeisplassklyngar er det i kommunane Sula og Kristiansund, begge med eit gjennomsnitt på 0,1 km. 

Lokalisering av arbeidsplassar påverkar sentrumsutvikling 

Ein annan statistikk vi finn i arealprofilen er kor stor del av dei sysselsette som arbeider i den største sentrumssona i eigen kommune. Dette seier noko om arbeidsplassdekning i kommunen, samling av arbeidsplassar i sentrum og sentrum si betydning. Her varierer det frå 22,4 prosent i Kristiansund kommune til 2,7 prosent i Hustadvika kommune i 2020. Merk at kommunane Rauma og Sunndal har høgare del som arbeider i eige sentrum (19,0 og 18,9 prosent) enn Molde og Ålesund (17,3 og 15,4 prosent). Her har nok kommunesamanslåingane påverka resultatet.

Filer til nedlasting

Bustad sentrum

Nye bustadar ligg nærmare eit sentrum enn nye næringsbygg 

Arealprofilen inneheld også informasjon om gjennomsnittleg avstand til sentrumssone for igangsette bustader dei siste fire åra. Sentrumssone er definert av SSB som samling av verksemder der det ikkje er meir enn 50 meter mellom verksemdene, og der ein finn minst 4 ulike hovudnæringsgrupper. I tillegg til detaljvarehandel, må offentleg administrasjon eller helse- og sosialtenester eller kulturell verksemd, underhaldning eller annan tenesteyting vere representert. Det må vere minst 50 tilsette i sentrumssona. 10 kommunar i Møre og Romsdal har etter denne avgrensinga ikkje nokon sentrumssone. Avstanden er rekna uavhengig av kommunegrenser. 

I 2020 var den gjennomsnittlege avstanden til ei sentrumssone for igangsette bustadar dei siste fire åra i Smøla kommune på 33,2 km. Nest lengst avstand til sentrumssone frå nye bustadar er det i Aure kommune med 19,7 km, og etter det kjem nye bustadar i Vanylven kommune med 18,3 km.  

Kortast veg til sentrumssone for bustadar påbegynt dei siste fire åra finn vi i Volda kommune med eit gjennomsnitt på 0,7 km. Nest kortast veg til sentrumssone frå nye bustadar er det i Hareid kommune med 0,9 km. I Ulstein var avstanden 1,0 km.  

I 20 av 26 kommunar i fylket ligg nye bustadar, sett i gang dei siste fire åra, nærmare eit sentrum enn gjennomsnittet for bustadar i kommunen.  

Arealprofilen viser også nye næringsbygg sin avstand til ei sentrumssone, det vil seie dei som er starta å bygge dei siste fire åra. I 25 av 26 kommunar i fylket er den gjennomsnittlege avstanden til eit sentrum frå nye næringsbygg lenger enn avstanden for nye bustadar.  

Også for nye næringsbygg er det i kommunane Smøla og Aure at det er størst avstand til eit sentrum, med eit gjennomsnitt på 37,1 km og 24,3 km. Dei kommunane der nye næringsbygg er sette opp nærast eit sentrum, er Hareid og Ulstein med 1,2 km og 1,6 km avstand. 

Filer til nedlasting